Hopp til innhold

Høgre vil framleis ha gruvedrift – trass "nei" frå Miljødirektoratet

Meiner næringsnytten veg tyngre enn konsekvensane for miljøet.

Fjorddeponiet i Førdefjorden

SJØDEPONI: To gonger har Miljødirektoratet gått i mot planane om eit sjødeponi i Førdefjorden. Det har ikkje fått Høgre til å snu i saka.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

I går vart det kjent at Miljødirektoratet vender tommelen ned for planane om å etablere eit deponi for gruveavfall i Førdefjorden.

Det skremmer ikkje Arve Mjømen, som er fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre. Dei har i fleire år jobba for at Engebøprosjektet skal bli realisert. Og det står dei fast ved.

– Me treng alle næringsgreiner som me kan få til i dette fylket, seier han.

Fryktar ikkje konsekvensane for fisken

Dei negative konsekvensane for fiskeartane blålange, pigghå, ål og kysttorsk var hovudgrunnen til at Miljødirektoratet gjekk i mot gruveplanane. Tre av desse fiskeartane er raudlista.

Mjømen meiner miljødirektoratet nyttar "føre var"-prinsippet i mangel på eksakt kunnskap.

Arve Mjømen

FRAMLEIS POSITIV: Arve Mjømen og Høgre vil framleis jobbe for å realisere Engebøprosjektet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Me les kva dei skriv, men dei seier samtidig at dei ikkje har spisskompetanse på fisk og at dei gjer dette for sikkerheits skuld, seier Mjømen.

Han trur ikkje konsekvensane for dei fire artane er så store som miljødirektoratet fryktar.

– Ser ein litt djupare i materien, så er desse artane å finne langs heile norskekysten i fjordsystema våre. Difor meiner vi at det likevel er ein moglegheit for å gå for Engebø. Eg er heilt sikker på at desse fiskane gyter andre plassar enn berre i Førdefjorden, seier han.

Meiner det er ei politisk vurdering

Mjømen meiner heile fylket vil dra nytte av arbeidsplassane og synergieffektane dersom gruvedrifta blir sett i gong. Og seier det er opp til det politiske miljøet å vekte samfunnsnytten opp mot konsekvensane for fisken og fiskeriinteressene.

Dette er noko miljødirektoratet sjølve er tydelege på, meiner han.

– Det er nettopp det Sogn og Fjordane Høgre tek tak i. I valet mellom to ting har me vekta samfunnsnytten av 500 arbeidsplassar som større enn konsekvensane for gytetorsken, i den storleiken som det her er snakk om, seier Mjømen.