NRK Meny
Normal

Høgre lukkar bakdør for flyplasskutt

Høgrefraksjonen i transportkomiteen ønskjer ikkje starte ei kommersialisering av rutenettet til flyplassane i fylket, men at anboda skal halde fram som i dag.

Widerøe på Førde lufthamn Bringeland

STATUS QUO: Får Høgre som det vil blir det ikkje kommersialisering av rutenettet til flyplassane i fylket i denne omgang.

Foto: Kjell Arvid Stølen (MMS-foto) / NRK

Dermed fekk delegasjonen frå Sogn og Fjordane Høgre gjennomslag for sitt syn etter møtet i hovudstaden i går.

– Det er ei sak vi har jobba med lenge i Sogn og Fjordane Høgre, og vi er glade for at argumenta våre vart lytta til, seier politikar i Florø, Bjørn Hollevik (H).

Ønskjer å unngå strukturdebatt

Samferdsledepartementet skal snart fastleggje spelereglane for den komande anbodsrunden til flyplassane i Sogn og Fjordane.

Bjørn Hollevik

BLEI LYTTA TIL: Bjørn Hollevik og resten av delegasjonen frå Sogn og Fjordane Høgre fekk gjennomslag for at anbodsregimet bør halde fram som i dag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

At anbodsregimet held fram som i dag, er avgjerande for å unngå ein ny strukturdebatt rundt flyplassane i fylket, trur Hollevik.

– Skulle vi no ha lagt opp til ei kommersialisering av rutenettet i Sogn og Fjordane, så ville det ha vore ei bakdør inn i ein strukturdebatt som vi ikkje er budde på å ta. Den debatten må vi ta i ryddige former, og ikkje late den segle inn frå sidelinja, seier Hollevik.

I tillegg fryktar han at ei kommersialisering no, ville ha kunne ført til konkurransevriding, då kommersialiseringa kunne ha kome på nokre flyplassar, mens andre ikkje.

Tek ikkje sigeren på forskot

Førdeordførar Olve Grotle (H) er samd med partikollega Hollevik.

– Skulle ein no ha endra anbodsreglane og opna for kommersialisering, så ville det vere å forskottere ein strukturdebatt om flyplassane som Avinor har sagt vil komme, seier han.

Olve Grotle

SAMD: Førdeordførar (H) gler seg over den førebelse sigeren.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Høgre har no vald standpunkt, men det er eit stykke fram til reglane for anbodsprosessen blir vedteke i Samferdsledepartementet. Difor vil ikkje dei to høgrepolitikarane ta sigeren heilt på forskot.

– Det står framleis att å sjå om regjeringa følgjer det rådet som fraksjonen til det største regjeringspartiet no har gitt, seier Grotle.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.