Hopp til innhold

Hødd fall for søndagsskulehistorie

Ivar Myklebust Longvastøl bur i Naustdal, men han er framleis sunnmøring så god som nokon. Difor tok han eit dilemma frå barndommen fram for å sikre seg billettar til semifinalen mellom Hødd og Brann

Ivar Longvastøl

STORT GLIS: Ivar Longvastøl kan nøgd konstatere at taktikken hans gav resultat.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg sat og såg den fantastiske kvartfinalen mellom Hødd og Haugesund, og etter kampen stod det klart for meg at eg måtte på semifinalen. Men det er stor rift om desse billettane ettersom det er fotballfeber på Søre Sunnmøre.

Og Høddvoll ikkje er blant dei største fotballarenaene i landet, så difor tok Hødd-patrioten og Firda-journalisten i bruk eit velkjent mediaknep.

– «Offer» i media

– Som gamal bladfyk veit eg at det kan hjelpe å stå fram som «offer» i media. Difor tok eg fram traumatiske opplevingar frå barndommen for å smiske meg inn med Hødd.

Longvastøl skreiv eit innlegg på Facebook og la det på heimesida til Hødd. Der spela han på at Hødd hadde snytt han for diplom frå søndagsskulen heime i Vartdal.

Heia Hødd! Eg er ein velvaksen vartdaling som fekk øydelagt søndagsskuletida mi på grunn av Hødd. På kvar einaste juletrefest på 1960-talet gret eg mine modige tårer fordi eg aldri hadde nok fiskar i garnet (søndagsskulekort), medan jamaldringane mine fekk kome opp på scena på «Soltjeld» og hente diplomen. Eg lovde meg sjølv at neste år ....då skal eg klare det. Og det gjekk fint, heilt frå januar til mai då sesongen på Høddvoll starta. I fotballsesongen gjekk søndagsføremiddagen til køståing på Rjåneset saman med vartdalsskipperane og andre gode Hødd-patriotar.

Kjetil, Hallbjørn, Einar, Jon og Otto og dei andre blåkvite heltane gjekk føre forteljingane om Jesus som fiska på Genesaretsjøen, og eg klarte aldri å få nok fiskar i garnet til å sikre meg diplomen. Derimot vart det mange fine stunder på Høddvoll. Som kompensasjon for øydelagt søndagsskule meiner eg at to billettar til kampen der Hødd skal mose kjepphøge bergensarar, er eit rimeleg krav.

Høddvoll

FALL FOR UTSPELET: Mediesjef Lars-Petter Rønnestad i Hødd (innfelt) har lova billettar til semifinalen på Høddvoll.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Vanvittig respons

Og bøna på Facebook bar frukter. Etter ein time var mediesjef Lars-Petter Rønnestad på tråden og spurde kor mange billettar han trengde.

– Det er klart vi fall for ei slik god historie. Longvastøl er ein luring. Og no er semifinalen mot Brann utseld. Vi har plass til 4300. Men no prøver vi å utvide kapasiteten noko.

Og Rønnestad var ikkje den einaste som gav lyd frå seg.

– Det var ein heilt vanvittig respons. Det var til og med folk som ville hjelpe meg med billettar til finalen på Ullevaal.

Jubel over mål

JUBEL FOR SEMIFINALE: Pål Andre Helland (t.h.) sette inn to mål for Hødd mot Haugesund.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Så no blir det biltur frå Naustdal til Ulsteinvik om ein god månad. Og Longvastøl får selskap i bilen.

– Ein annan gamal Hødd-patriot, Hans Jakob Reite, blir med, og så går det rykte om at Brann-patrioten Stian Sjursen Takle kanskje skal vere med, men det får vi no sjå på. Det kan i så fall bli harde tak.