Hopp til innhold

Ho vil ha meir kjønnsnøytrale titlar - det er han imot

Rådmann eller det meir kjønnsnøytrale kommunedirektør? Debatten går om kva vi skal kalle den øvste administrative leiaren i kommunen.

Bjørn Sølsnes og Ida Julsen

USAMDE OM TITTEL: Journalist Bjørn Sølsnes og MDG-politikar Ida Julsen er usamde om kva vi bør kalle den øvste administrative leiaren i kommunen

Foto: Privat / NRK

Fleire tek no til orde for at det både er gamaldags og avleggs å kalle alle dei kvinnelege toppleiarane i kommunen for rådmenn.

– Vi treng fleire kvinnelege toppleiarar, og då må vi også synleggjere at desse stillingane ikkje er tiltenkt eit spesielt kjønn, seier MDG-politikar Ida Julsen frå Fredrikstad.

Nyleg fekk ho gjennomslag for å erstatte rådmannstittelen i heimbyen Fredrikstad med det meir kjønnsnøytrale kommunedirektør.

– Når eg høyrer ordet rådmann ser eg for meg ein godt vaksen mann, då meiner eg det er på tide å endre tittelen, seier Julsen.

Her kan du høyre heile debatten i Ukeslutt.

Vil halde på rådmannen

Men i Leikanger er journalist Bjørn Sølsnes i mot å byte ut rådmannstittelen.

– Det er ein innarbeidd tittel som alle er vande med. Alle veit kva ein rådmann er og det ligg i ordet kva ei rådmann gjer. Det er nemleg ein som gjev råd til politikarane. Ein direktørtittel ber bod om ei annleis rådmannsrolle enn det vi ynskjer, seier Sølsnes.

Han syner til at i den gamle kommunelova stod det administrasjonssjef. Noko han meiner er meir presist enn kommunedirektør.

– Men eg vil framleis slå eit slag for rådmann som alle kjenner, seier Sølsnes.

– Tittelen ikkje noko problem

I Sogndal er Ellen Marie Njøs Lillesvangstu nyleg tilsett som rådmann. For ho er ikkje tittelen så viktig.

– Eg er ei vaksen dame og har eit pragmatisk forhold til akkurat det. Så for meg personleg betyr det ikkje så mykje, seier Lillesvangstu.

– Men fleire meiner rådmannstittelen er utdatert og for å betre rekrutteringa av kvinnelege toppleiarar så burde ein heller hatt kjønnsnøytrale titlar?

– Reint prinsipielt så meiner eg at dersom tittel betyr noko så meiner eg at det er viktig at både menn og kvinner kan ha toppleiarstillingar. Med det som utgangspunkt så meiner eg det er bra med kjønnsnøytrale titlar, seier Lillesvangstu.

Må følge kommunelova

Julsen meiner det ikkje er snakk om endringar, men om å følge kommunelova.

– Der står det jo i dag kommunedirektør. Det er berre kommunestyra sjølve som ikkje er villige til å endre på gamle innarbeidde rutinar, seier Julsen.

Trur du menn hadde meint det var ålreit å vere rådkvinner Sølsnes?

– Slik er det jo ikkje. Og det har å gjere med den historiske betydninga av ordet mann og at det er ein innarbeidd tittel. Eg ser ikkje heilt likskapen i å snu opp ned på det på den måten, seier Sølsnes.