Hopp til innhold

Ho vart berre slått av langrennsstjerna

Eli Anne Dvergsdal frå Jølster sprang laurdag inn til ein sterk andreplass under NM i terrengløp.

Eli Anne Dvergsdal, vinnar Stoltzekleiven opp 2015

VIKTIG RESULTAT: Eli Anne Dvergsdal spring normalt motbakkeløp, og i år vann ho Stoltzekleiven opp i Bergen (biletet). Likevel meiner ho det er viktig å gjere det bra på flatare terreng.

Foto: Jan Kocbach

Dvergsdal enda på i overkant av eitt minutt bak tida til vinnaren, som var langrennsløparen Kristin Størmer Steira, utan at det plagar ho for mykje.

– Eg har full respekt for ho.

I stadig betre form

Dvergsdal la bak seg dei seks kilometerane i Oslo på tida 24.04.3. Ho slo mellom andre Merete Weng, søstera til langrennsløparen Heidi Weng.

– Eg er veldig godt nøgd med det. I det feltet som var i dag, så var det veldig stort å få den andreplassen, seier jølstringen som spring for Gular.

Ho fortel at det var mykje sterk motstand i løpet, både frå motbakkeløparar som ho sjølv primært er, men også langrennsløparar og andre sterke konkurrentar. Sjølv kjenner ho seg i stadig betre form, og dagens prestasjon smakte godt.

– Det er viktig at eg kan gjere det bra i flatare terreng også, seier Dvergsdal.

Vedvik på sjetteplass

Marius Vedvik - Førde Opp 2014

I TOPPEN: Marius Vedvik frå Førde klarte det seg også godt under NM. Biletet er frå Førde Opp 2014.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

No er håpet hennar å bli plukka ut til å få delta i den nordiske meisterskapen i november. Svaret på om ho skal dit får ho truleg i slutten av månaden.

Dvergsdal var ikkje åleine frå fylket under dagens NM. Marius Vedvik frå Førde stilte også til start for Gular, og hamna på ein sjetteplass på 10 kilometer.

Også han hadde tøff konkurranse å bryne seg på, blant anna vinnaren Henrik Ingebrigtsen og Johan Bugge som hamna på tredjeplass. Vedvik sprang på tida 33.09.1, 42,4 sekund bak vinnaren.