Hopp til innhold

Stoltzen-vinnar: – Vil ta rekorden om to år

Thorbjørn Ludvigsen sette i dag ny rekord i Stoltzekleiven Opp. No har vinnaren på kvinnesida, Eli Anne Dvergsdal også fått blod på tann.

Før første gong i historia har nokon klarte å springe Stoltzekleiven Opp på under åtte minutt. I dag slo Thorbjørn Ludvigsen sin eigen rekord på 8.06.

– Det var heilt sprøtt, fortel pressekontakt for Stoltzekleiven Opp, Owen Westergård.

No har vinnaren på kvinnesida, Eli Anne Dvergsdal lyst på sin eigen rekord. I dag var ho suveren, og kom i mål over eit minutt før nummer to på 9.53.

– Eg håpar å ta rekorden om to år, seier Dvergsdal.

LES OGSÅ: – Det er berre viljen og skammen som driv meg

Ønskjer seg rival

Det er ingen kven som helst ho må hamle opp med for å klare det. Det er nemleg tidlegare langrennsløpar Kristin Størmer Steira som er Stoltze-dronning akkurat no. I 2013 sette ho ny rekord med 9.34.

– I dag var målet mitt å kome under 10 minutt. Neste år vil eg kome under 9.40, slik at eg er klar året etter, fortel Dvergsdal, som gjerne kunne tenkje seg litt spissare konkurranse i toppen.

– Det kunne vore kjekt å hatt ein rival å knive med. Då pressar ein seg ekstra, men det fins også mange herreløparar eg spring jamnt med og har lyst å ta, ler Dvergsdal.

Kristin Størmer Steira med rekord i Stoltzekleiven

REKORDHALDAR: Kristin Størmer Steira er rekordhaldar på kvinnersida i Stoltzekleiven opp. Her jublar ho etter løpet i 2013.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

– Siglar opp som ny Stoltze-dronning

Dvergsdag er ikkje den einaste som har tru på at det vil kome fleire gode resultat frå henne.

– Ho var heilt suveren i dag, og siglar nok opp til å bli den nye Stoltze-dronninga, seier Westergård.

– Hehe. Vi får sjå på det, svarar Dvergsdal når ho får høyre Westergård sin kommentar.

Tidenes duell

I dag var det likevel Thorbjørn Ludvigsen som sto i sentrum med sin nye rekord. Nummer to blei Stian Angermund-Vik som vann i fjor.

– Det var tidenes duell mellom Ludvigsen og Angermund-Vik. Begge ville ha sigeren, og då måtte dei verkeleg utfordre rekorden på 8.06. Vi såg på mellomtidene at Ludvigsen hadde eit frykteleg løp på gong, fortel Westergård.

Ludvigsen passerte halvvegs på 3.48. I fjor gjorde han eit "dårleg løp" og enda som nummer to, men i år har han satsa hardt på å vinne Stoltzekleiven Opp, og ta tilbake trona frå Angermund-Vik.

– Det har vore ein kamp mellom dei, og den av dei som skulle vinne måtte verkeleg utfordre rekorden på 8.06, fortel pressekontakt for Stoltzeklevien opp, Owen Westergård.

LES OGSÅ: Han måtte gi seg før han nådde toppen