Hopp til innhold

Ho trudde ho var den nye ordføraren

Etter ei veke med forhandlingar trudde Gunn Sande (Sp) at ho var den nye ordføraren i Selje. Ein avtale med tre andre parti sikra både fleirtal og ordførarklubba. Så kom sjokkmeldinga.

Gunn Sande

SKUFFA: For Gunn Sande og Sp vart valnatta ein stor opptur. Åtte dagar seinare kom nedturen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ein avtale varer til nokon bryt den.

Ole Bosnes (formann i Selje Ap)

Gunn Sande var tidleg ute med å juble då valresultatet for Selje kom førre måndag. Men etter kvart viste det seg at Sp ikkje hadde gjort eit så sterkt resultat som dei trudde og dei mista eitt mandat.

Sidan har forhandlingane gått i ei veke, forhandlingar Sande og Sp trudde dei hadde gått sigrande ut av. Men klokka 22.34 i går kveld kom pressemeldinga tikkande inn. Stein Robert Osdal frå KrF var krona til ordførar i kommunen.

– Eg er veldig overraska. Søndag kveld hadde vi ein skriftleg avtale mellom Sp, Høgre, Ap og Frp, som då hadde fleirtal. Så eg veit ikkje heilt kva som har skjedd. Det er skuffande at nokon har valt å bryte ein skriftleg avtale, seier ho.

– Ingen kommentar

Stein Robert Osdal

NY ORDFØRAR: Ny ordførar i Selje er Stein Robert Osdal (KrF). Det vart klart seint i går kveld.

Foto: David Haaland

Sande vil ikkje seie kven av dei tre andre partia som valde å bryte avtalen.

– Kva syns du om at nokon vel å bryte ei signert avtale?

– Det har eg førebels ingen kommentar til. Eg må få betre kjennskap til kva som har skjedd, seier ho.

Ein representant frå Sp melde seg i tillegg ut av partiet før dei fire partia hadde konstituert seg. Denne representanten er no ein del av den nye konstellasjonen mellom Tverrpolitisk liste, Ap og KrF som skal regjere kommunen dei neste fire åra. Samarbeidet gir dei ni representantar i kommunestyret, mot Frp, Sp og Høgre sine åtte.

Også om utmeldinga er Sande ordknapp, anna enn at det var beklageleg. Men at ho er skuffa over at det gjekk som det gjekk, legg ho ikkje skjul på.

– Det er skuffande at det er så lite semje. Vi må gå i oss sjølve. Vi er politikarar og valde for representere folket. Eg reknar at folket vil det beste for kommunen og det må vi som politikarar leve etter, seier ho.

– Ein avtale gjeld til nokon bryt den

Ole Bosnes frå Arbeidarpartiet stadfestar at det var dei som braut med den signerte avtalen. Det vart bestemt på eit medlemskapsmøte i partiet i går og avgjerda var samrøystes.

Ole Bosnes

BETRE TILBOD: Ole Bosnes i Selje Ap seier dei fekk eit betre tilbod i den nye konstellasjonen. Men partiet blir ståande utan verken ordførar, varaordførar eller fleire representantar i formannskapet, sjølv etter kuvendinga.

Foto: Asgeir Jens Reksnes / NRK

– Vi fekk eit tilbod som vart betre. Det hadde noko med kven som skal ta over ordførarposisjonen å gjere, seier Bosnes.

– Kvifor er Stein Robert Osdal frå KrF ein betre ordførar enn Gunn Sande frå Senterpartiet?

– Vi ville gå for han som ein kompromisskandidat i forsøket på å få samla mest mogleg politisk støtte, slik at Selje får ein ordførar alle kan samle seg om. Samstundes føler vi at vi står nær kvarandre ideologisk og verdimessig, seier Bosnes.

– Det er ikkje heldig, men det er ikkje noko juss knytt til det. Ein avtale varer til nokon bryt den. Vi kan gjerne beklage måten det vart gjort. Men slik det utvikla seg var det ikkje tvil, seier Bosnes.