Anleggsdumpar sklei ut i elv - føraren berga seg sjølv på land

Ein mann i 20-åra er sendt til sjukehus med helikopter etter at ein dumpar gjekk gjennom isen i Sogn.

Dumper i elv, Leikanger

FRONTEN FØRST: Slik låg anleggsdumperen etter at den gjekk i elva.

Foto: Politiet

– Mannen krabba sjølv ut av anleggsdumperen og kom seg på land, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Rebnord.

På land vart mannen møtt ein kollega.

Det var seint onsdag kveld at ei anleggmaskin sklei 10 meter ut og gjekk gjennom isen på Grindselvi i Leikanger i Sogn og Fjordane. Ulukka skjedde i nærleiken av eit kraftanlegg. Kollegane fekk mannen ut av dumparen, fekk på han tørre klede, og varsla politiet kl.22.25.

– Føraren var bevisst då naudetatane kom fram til staden. Han hadde smerter i ryggen, seier Rebnord.

Mannen blei sendt til Førde sentralsjukehus med helikopter. Helse Førde opplyser klokka 11.00 torsdag at mannen i 20-åra er uskadd.

– Det blei oppfatta som ganske dramatisk for alle som var på staden. Naudetatane blei varsla kort tid etter at mannen var komen ut av anleggsdumperen, seier Rebnord.

Arbeidstilsynet er varsla og politiet har oppretta sak.

– Vi vil avhøyre føraren på torsdag, seier Rebnord.

Politiet opplyser om at brannvesenet har lagt ut lenser for å hindre ein lekkasje frå køyretøyet.

GRINDSDALEN: Det var i elva Grindselvi at ulukka skjedde.