Studentleikane er som eit OL i miniatyr for studentar i Norge. I løpet av torsdag, fredag og laurdag denne veka er det konkurransar i åtte ulike idrettsgreiner. Tidlegare har leikane blitt arrangert i Bergen, Trondheim og Tromsø, og Sogndal er første bygd ut som arrangør.
– Nokre av deltakarane har sagt «Sogndal? Kor er det?», og me må nesten teikna ei pil på kartet til dei. Men det er litt det som er målet også: å setja Sogndal som studiestad endå meir på kartet, seier Birte Sunde Leirvåg, leiar for leikane.
Tidobla medlemstalet i studentidrettslaget
Det er Studentspretten Sogndal, idrettslaget til studentane i Sogndal, som arrangerer leikane. Dei har dei siste åra arrangert EM-kvalik i fotball for studentar, og tenkte at no var tida moden for større oppgåver. For ei studiebygd som ofte blir framheva som eit eldorado for ski- og friluftsentusiastar, har fotballmeisterskapa – og no Studentleikane – blitt veldig viktige for idrettsmangfaldet i laget.
– Før me arrangerte meisterskap hadde me 50–60 medlemar i Studentspretten. No er me mellom 400 og 500. Leikane viser at Sogndal ikkje berre er for dei som likar padling og ski, og eg likar å tru at me blir meir attraktive som studiestad med eit så breitt idrettstilbod, seier Adrian Stinessen Haugen, leiar i Studentspretten.
Av dei mellom 550 og 600 deltakarane er 120 frå Sogndal, medan resten er frå andre studieplassar i landet. Konkurransane byrjar torsdag med gruppespel og innleiande rundar. Det er volleyball og fotball som er dei to største idrettane, med om lag 250 deltakarar kvar.
– Herreklassa i volleyball er heilt stappfull. Me må driva på i 12 timar både torsdag og fredag for å få spelt alle kampane, seier Sunde Leirvåg, som har med seg 150 frivillige for å få alt til å gå rundt.
Vinnarane i fotball, volleyball og bordtennis får representera Norge i student-EM neste år.
– Me klarer å fanga opp dei som er blodseriøse og vil til EM, men også dei som er her for teambygging, for å sjå Sogndal og for å gå ut på kvelden. Det er me godt nøgde med, Sunde Leirvåg.
– Blodseriøst og moro
– Rammene rundt blir veldig bra, det kjem til å bli dei mest kompakte leikane me har hatt. Den lengste avstanden er 10 minutt å gå, seier Yngvild Schei, idrettskonsulent i Norges Studentidrettsforbund.
Sjølv om det sportslege er i hovudfokus, er det sosiale også ein viktig del av arrangementet. Laurdag blir det heile avslutta med ein bankett.
– Stressnivået er veldig høgt, men me gler oss kjempemykje, avsluttar Sunde Leirvåg.