Hopp til innhold

Historieforteljing – ein ny kulturell trend?

– Det første lokalet der vi fortalde historier vart for lite, og no er det også fullt i det nye lokalet. Eg trur folk har bruk for noko enkelt, jordnært og ekte, seier Jarl Wåge frå Vågsvåg i Vågsøy.

Jarl Wåge
Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Vi møter han på Kafè Isabella på Grünerløkka i Oslo. Han er pensjonert no, men like engasjert som alltid. Jarl Wåge er kjent som kåsør, forfattar, historieforteljar og mangeårig samfunnsdebattant. No vil han slå eit slag for god gammaldags historieforteljing.

– Eg har delteke på Salonghistorier i P2 to gonger. Dette er eit konsept der ulike folk fortel historier frå ei scene på ein utestad i Oslo. Det er alltid fullt i publikum. Og det er stort sett unge folk, seier Wåge engasjert.

Høyr Jarl Wåge fortelje om den gongen han trudde han gav pengar til ein tiggar:

Historiefortelling med Jarl Wåge

Han har sett det same fleire stadar der det vert fortalt historier. At det er lange køar for å kome inn og at publikum i stor grad er unge folk. Han trur dette er ein slags reaksjon.

– Desse tilstrøymingane av unge folk på gode gamaldagse historieforteljarkveldar får meg til å tenkje at det er eit behov der ute. Eg trur folk har bruk for andre typar underhaldning enn dei som er digitale, tekniske og masseproduserte, seier han engasjert.

Her kan du høyre historia om den gongen Jarl Wåge juksa til eksamen i sløyd på Måløy Realskule.

Til finale i historeforteljingskonkurranse

I tillegg til å fortelje historier i Salongen i P2 har Jarl delteke på Storyslam på Kulturhuset i Oslo. Her konkurrerer 8 personar i historieforteljing. Wåge var med her og vann konkurransen den kvelden han var med. No skal han til finalen i Storyslam som blir på Rockefeller 28. november i år. Han dreg på det når eg spør kva for ei historie han skal fortelje der.

–Neei, det vil eg nok halde hemmeleg, men eg har historia klar. Og den er veldig god, seier han med glimt i auget.

Kjem på historier når han er ute og går

Historiene hentar han stort sett ifrå eige liv. Og for å hente dei fram må han ut og gå.

– Historiene berre kjem til meg på lange turar. Når eg kjem heim så er det fort gjort å skrive dei ned, seier han.

Men om du trudde historiene kjem like lett på scena må du tru om igjen.

– Eg øver mykje og lenge. Eg tar tida og står framfor spegelen. Ingen ting er tilfeldig. Og det skal det heller ikkje vere, seier Wåge bestemt.