Hopp til innhold

Hevdar dei raudgrøne skapar ein feilaktig debatt

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen hevdar det er merkeleg at dei raudgrøne kallar eit forslag dei sjølv innførte for distriktsfiendtleg.

Ketil Solvik Olsen og Frank Willy Djuvik

RART: Samferdsleminister, Ketil Solvik-Olsen, hevdar dei raudgrøne skapar ein feilaktig debatt når dei kallar eit forslag dei sjølv innførte for distriktsfiendtleg.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Solvik Olsen meiner dette er ein taktikk som skal skremme veljarane vekk frå regjeringspartia.

– Fjerninga av botnfrådraget er ei gjennomføring av eit avgiftssystem som dei raudgrøne innførte. Då er det rart å kome tre år seinare for å seie at det er distriktsfiendtleg, seier han.

– Dei står sjølv bak ordninga

Dåverande samferdselsminister Marit Arnstad (Sp) la i 2012 fram ei stortingsmelding som blant anna stadfesta at botnfrådraget skulle fasast ut.

– Dei raudgrøne har altså laga ein uriktig debatt der dei kjeftar på Høgre og Framstegspartiet, for vedtak dei raudgrøne partia sjølv stod bak i 2012, seier Solvik-Olsen.

Uroa for konsekvensane

Widerøe er uroa for at fjerninga av botnfrådraget vil føre til eit dårlegare tilbod til passasjerane.

– Vi synst det er synd at dette tilbodet forsvinn og fryktar at konsekvensen kan bli både dyrare billettar og kutt i tilboda, sa kommunikasjonsdirektør i Widerøe, Richard Kongsteien til NRK tidlegare denne veka.

Trass i dette seier Solvik-Olsen flyplassane har lite å frykte.

– Det vil ramme flyplassane i liten grad, då Widerøe har subsidiar for å drive flyverksemd. Dermed vil dei bli kompensert for dei eventuelle avgiftsendringane som blir påført deira fly, seier han.