Hopp til innhold

Hermann (1,5) heiar på pappa frå tribunen under EM

– Han har fått auge på pappaen sin ute på parketten, så no byrjar han bli klar over at handballen har med han å gjera.

Guro Loftesnes frå Sogndal. Saman med sonen Hermann

HERMANN ER MED: Mamma Guro Loftesnes og vesle Hermann følgjer nøye med når pappa Kristian Bjørnsen er på parketten under handball-EM.

Foto: Privat

Det seier Guro Loftesnes frå Sogndal. Saman med sonen Hermann fylgjer ho handball-EM i Kroatia tett frå tribuneplass.

Guro er sambuar med den norske stjernespelaren Kristian Bjørnsen. Saman fekk dei Hermann for 1,5 år sidan. Utstyrt med høyrselsvern og supporterdrakt er vesle Hermann den yngste supporteren i den norske kolonien på tribunen.

Avgjerande kamp i kveld.

I kveld klokka 18.15 spelar det norske laget avgjerande kamp mot Sverige. Håpet om å nå semifinalen lever, sjølv om det heng i ein tunn tråd. Noreg må vinna med minst 5 mål i kveld, samstundes som Frankrike må slå Kroatia.

– Det blir ein spennande dag, seier Guro.

– Å vinna mot Sverige med fem mål blir tøft, men spelar Norge på sitt beste kan dei vinna mot alle lag, legg ho til. . Ho har fylgt Norges veg til verdstoppen i herrehandball frå nært hald.

EM Håndball herrer 2018. Serbia - Norge (27-32)

NORSK STJERNE: Kristian Bjørnsen er ein av spelarane som får spele med det norske flagget på brystet under EM i Kroatia.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Duoen på tribunen vekkjer oppsikt.

Med Hermann i beresele på magen, høyrselsvern og smokk, vekkjer Hermann og mora oppsikt på tribunen.

Den kroatiske TV-produsenten har fleire gonger fanga dei i nærbilde, særleg når mora jublar for norsk skåring. Hermann er utrusta med høyrselsvern fordi støyen i hallen kan vera intens seier Guro, det gjaldt særleg då Norge spelte mot heimelaget Kroatia laurdag. Då var pipinga mot det norske laget frå det entusiastiske heimepublikummet sterk.

Høneblund

Smokken gir dessutan Hermann roa og moglegheit for ein høneblund gjennom kampen, humrar mora på telefonen frå Kroatia. Dei 2 får litt tid til samkvem med Kristian på fridagar, men elles lever dei separate liv under turneringa. Guro har med foreldre og venner som gir eit kjekt sosialt liv og støtte på tribunen og mellom kampane.

Til dagleg spelar Kristian Bjørnsen i den tyske toppklubben HSG Wetzlar, ein småby 45 minuttar utanfor Frankfurt. Sjølv om lønsnivået ikkje kan samanliknast med fotballen, lever me godt også på ei handballøn seier Guro Loftesnes.

Dei kom til Wezlat i 2016 og kontrakten til Kristian varer til 2021. Før det budde familien to år i Sverige der karrieren til Kristian Bjørnsen som internasjonal toppspelar verkeleg tok av.

Privilegerte

Me er privilegerte som får leva som me gjer seier Guro Loftesnes. Ho er utdanna lærar og brukar tida i Tyskland til vidare studiar, der også språkferdigheitene får seg eit kraftig løft. I ein idrettsnasjon med 80 millionar innbyggjarar har også Bundesliga i handball dessutan status.

Før kampen i kveld må dei lada ekstra godt opp. Som pappa Kristian må både god kvile, rett mat og drikke til for å bli kampklare.

– Når ikkje Norge semifinalen, er det sjølvsagt ein nedtur i forhold til forventingar seier Guro.

Ho har sjølv spelt handball på lægre nivå og er imponert over steget Norge har teke opp i verdstoppen, med sølv i sist VM som høgdepunktet.

– Dei kjem garantert tilbake seier Guro Loftesnes. Til neste sesong blir også vesle Hermann 2-åring og klar til å pakka ballen på parketten, med far Kristian som forbilde.