Hopp til innhold

På denne aude stranda var surfaren vêrfast

På jakt etter den perfekte bølga tok surfaren seg over fjellet og til den veglause grenda Vetvika, men så kom snøskredet som gjorde at han ikkje kom seg nokon stad.

Vetvika

VEGLAUST OG DÅRLEG DEKNING: Vetvika ligg i Sogn og Fjordane. I den veglause grenda budde det folk fram til 1950-talet. Om sommaren er det eit ynda turmål.

Foto: IVAR SOLHEIM

Det var bølgene han hadde i sikte, då surfaren la ut på ein fleire timar lang fjelltur med surfebrett i helga. I Vetvika venta eit rått kystlandskap med storhavet som næraste nabo. Nede i bukta sette han opp telt ved den tindrande kvite sandstranda og surfa på bølgene. Det var Fjordenes Tidende som først omtalte saka.

Dagen før han la ut på tur hadde fleire lokalkjende i Bremanger åtvara han om det. Ein av dei gav han nummeret sitt og bad han innstendig om å ringe om noko skulle skje. Etter nokre dagar tok vinden seg opp og regnet gjekk over til snø.

– Mobilen var i ferd med å gå tom for straum og han hadde lite mat igjen, seier skipsførar på redningsskøyta Halfdan Grieg, Geir Antonsen.

Mannen var heilt aleine i den veglause grenda, der det budde folk fram til 1950-talet. Ein kjem seg berre til Vetvika til fots eller med båt, så surfaren prøvde å ta beina fatt for å komme seg over fjellet igjen. Natt til onsdag høyrde han at det gjekk eit snøskred i fjellsida, noko som gjorde det umogleg å komme seg vekk.

– Han prøvde å komme seg over fjellet, men all snøen gjorde det umogleg, seier Antonsen.

Då skjønte surfaren at han måtte ha hjelp.

Vetvika

VETVIKA PÅ EIN STORMDAG: Høge bølger og mykje vind i Vetvika.

Foto: IVAR SOLHEIM

Dårleg telefondekning

Den vêrfaste mannen fann fram lappen med telefonnummeret han hadde fått frå den lokalkjende i Bremanger, men telefondekninga er nesten heilt fråverande i Vetvika. Han fann ein plass i grenda der han klarte å få sendt ei melding. Den lokalkjende fekk varsla andre, som igjen varsla både politiet og hovudredningssentralen. Redningsskøyta Halfdan Grieg i Måløy fekk oppdraget.

– Det er eit tøft sjøstykke. Vi måtte sette ut ein lettbåt for å komme inn i vika, noko som ikkje var lett med mykje vind og høge bølger, seier Antonsen.

Redningsselskapet kom seg inn i den lunefulle vika. Til slutt fekk dei om bord ein letta surfar.

– Han var i fin form, men litt skjemd over å ha sett i gong eit heilt apparat, seier Antonsen.

Tilbake på land tok surfaren turen innom den lokalkjende i Bremanger, for å takke for hjelpa. Surfaren var likevel ikkje heilt vekkskremd etter det han hadde vore gjennom.

– Han fortalde at dette var den beste surfeopplevinga han nokon sinne hadde hatt, seier Antonsen.

Surfaren vil ikkje uttale seg om saka.

Vetvika i Bremanger

IDYLLISK PÅ EIN SOMMARDAG: På ein fin sommardag er Vetvika ein populær stad for mange.

Foto: Bjørn H. Marthinussen