Hopp til innhold

Her står Ulrik og fortvilar over at laget har skuffa mange hundre sogningar

BRANN - SOGNDAL 2-1 (NRK.no): Sogndal kunne avgjere heile nedrykksdramaet med siger over Brann. I staden vart det nok eit tap - no har Sogndal berre éin siger på dei siste 16 kampane.

Ulrik Flo står skuffa på bana etter kampslutt

LANGT NEDE: Ulrik Flo var tydeleg langt nede etter tapet for Brann. No har Sogndal gjeve frå seg førarsetet i nedrykksdramaet, og må både vinne siste seriekamp og ha hjelp frå andre.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Eg føler vi har skuffa så mange. Eg er fortvilt over at vi ikkje klarer å vise meir enn dette, seier Ulrik Flo.

Han gav Sogndal håp med si redusering til 2-1på Brann stadion. Men nærmare kom sogningane aldri. Turen heim frå Bergen vart nok av det tunge slaget.

– Det kjem masse folk og støttar oss, og det var ei fantastisk ramme rundt kampen. Det irriterer meg at vi ikkje klarer å få ut meir enn dette - og at vi ikkje får bevist at vi er betre, seier Flo.

Skuffa, skuffa, skuffa...

Godt over 17.000 tilskodarar på eit fullsett Brann stadion fekk sjå to lag som lenge kjempa ein tett og tøff og nedrykkskamp. Eit mål av Jonas Grønner like før pause, og eit nytt mål frå Azar Karadas rett etter at dommaren hadde blåse i gang andre omgang, avgjorde i realiteten kampen for heimelaget.

Då var det tungt å vere blant dei 850 sogningane i svart og kvitt. Minst like tungt var det å vere trenar.

– Det er klart vi er skuffa. Brann hadde rett nok fleire sjansar enn oss. Så er det ulykkelege minutt rett før og rett etter pause som gjer at vi ikkje får med oss poeng, seier trenar Jonas Olsson.

Keeper Kenneth Udjus er heilt samd.

– No er eg ein frykteleg skuffa mann. Vi hadde moglegheiten, men tok ikkje vare på den. Klart eg er skuffa, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tim Nilsen ligg utslegen på bana etter kampslutt

UTSLEGEN: Tim Nilsen var ein slagen mann etter tapet mot Brann.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Meiner Sogndal har ein god sjanse

Udjus var kanskje Sogndals beste spelar. Med fleire enorme redningar heldt han bortelaget i periodar inne i kampen. Akkurat dét hjelper sørlendingen lite no.

–Eg føler vi står igjen på perrongen då toget går. Så er det vanskeleg å seie om det er omgjevnadene og den fantastiske ramma som gjer det. Eg føler vi kjempa oss inn att i kampen etter kalddusjane, men det ville seg ikkje heilt, seier han.

– No må vi berre konsentrere oss og gjere det vi kan. Eg trur vi har ein fair sjanse enno. Eg vil seie det er 50-50, meiner keeperen.

Vurderer sjansane som 50-50

Fakta er uansett at Sogndal med tapet i Bergen har gjeve frå seg initiativet i nedrykksdramaet. No må dei vinne på heimebane mot Stabæk neste helg. Samstundes må dei håpe på hjelp frå Haugesund, som tek imot Brann.

– Klarer vi ikkje å slå Stabæk, har vi ingenting i eliteserien å gjere. No er det berre éin ting som gjeld: Det er tre poeng, seier Ulrik Flo.

Han held fram:

– Sjansane er ikkje så gale. Det verkar som om Haugesund har komme inn i ein god flyt, og det er fullt mogleg at dei slår Brann. Og det er fullt mogleg for oss å slå Stabæk med fleire mål.

– Tar de kvalikplassen?

– Det vurderer eg som 50-50. Eg har tru på at Haugesund tar det. Då vil det stå på oss sjølve mot Stabæk, seier Flo.

(Artikkelen held fram under videoen)

Stor stemning blant supporterane før kampstart.

STOD PÅ: Dei 850 sogningane i svart og kvitt på borteseksjonen gav god lyd frå seg, men det var ikkje nok til å hjelpe Sogndal til siger. Foto og redigering: Alf Vidar Snæland

– Det er klart det er tungt

Sogndal har no lagt bak seg ein periode som har resultert i berre éin siger på 16 kampar. Det er ikkje til å komme ifrå at ein slik statistikk mest av alt minner om nedrykk.

– Det er klart det er tungt. Vi vil så gjerne. Men når ein er i motgang, så...

– Eg føler vi har klart å motivere oss og har hatt god stemning framfor kvar kamp, men får det ikkje ut når det gjeld, seier Flo.

PS: Sidan Sandnes Ulf sleppte inn to mål på overtid mot Start, rykkjer Tom Nordlies menn ned. Kampen om kvalikplassen står dermed mellom Brann og Sogndal.

Siste runde i Eliteserien blir spelt neste søndag klokka 18.00. Då møter Brann Haugesund borte. Sogndal tek imot Stabæk på heimebane...