Hopp til innhold

Her spring Malene (25) inn til løyperekord

Høgt til fjells sette noregsmeister Malene Blikken Haukøy ny løpsrekord i Hornindal Rundt. No kan neste steg på vegen bli VM.

Høgt til fjells sette noregsmeister Malene Blikken Haukøy ny løpsrekord i Hornindal Rundt.

– Eg hadde nok drøymt om det, men med eit langt løp kan absolutt alt skje. Ein veit aldri sikkert, sjølv om eg hadde trent bra, seier Malene Blikken Haukøy.

Under Hornindal Rundt sette Blikken Haukøy ny løyperekord med 10 timar og 32 minutt. Ho var ikkje den einaste som sette løyperekord. Det same gjorde André Haugsbø med tida 4.22.04 på løpet med 38 kilometer.

Etter 75 kilometer, 20 fjellpostar og 5600 høgdemeter kunne Blikken Haukøy endeleg kalle seg for noregsmeister. Det krevjande løpet tappa 25-åringen for krefter.

– Eg er ganske sliten i dag. Det kostar litt og tek nokre veker før eg er heilt fin i igjen. Dei seier sjølv at det er Norges tøffaste fjelløp, og det trur eg nok eg kan skrive under på, seier Blikken Haukøy.

Inne i den tiande timen av løpet fekk ho kjenne litt ekstra hardt på den siste bakken.

– Det var rett og slett tungt. Eg visste det var ein liten bakke før eg kom ned mot mål, men midt i den bakken innsåg eg at den var lenger enn kva eg først hadde trudd. Då var eg verkeleg heilt på felgen. Eg ville berre sette meg ned, seier Blikken Haukøy.

Må rokere på planane om ho skal til VM

Årets utgåve av Hornindal Rundt var det første av sitt slag med tittelen NM i ultraterrengløp. Det kan bety kvalifisering til VM, men det er ikkje Blikken Haukøy heilt overtydd om enda.

– Eg veit ikkje så mykje enda, for eg har ikkje høyrt noko sikkert, så vi får sjå.

Blir det VM-deltaking, må planar flyttast på for 25-åringen frå Kyrkjebø i Høyanger.

– Det hadde vore veldig kjekt. Eg håper berre det passar inn med resten av planane mine, men dei kan vel alltids omrokkerast. Då får eg heller berre ta det litt som det kjem.

malene

KAN HA SIKRA SEG EIN BILLETT TIL VM: Som nybakt noregsmeister i ultraterrengløp kan Malene Blikken Haukøy vere på veg mot VM. Anne Grete Oppheim Seljeset i Nordfjordbunad (t.v.), og Bodil Sætren Taraldset (t.h.).

Foto: Kyle Meyr

Siste i mål om morgonen

Med 386 løparar starta Hornindal Rundt med godt vêr før både regnet og skodda kom.

– Litt kjedeleg med vêret. Elles gjekk det utruleg fint, bortsett frå to ribbeinsbrot, seier løpsleiar Amund Sverre Tomasgard.

Kor tøft er løpet som de sjølv vel å kalle for det tøffaste fjelløpet i landet?

– Ifølge løparane er det veldig tøft. Det er ei lang og teknisk krevjande løype, meiner Tomasgard.

Det kan nok deltakarane som kom sist i mål skrive under på. Dei kom fram om morgonen på sundag etter lange og kalde timar i fjellet.

– Nokre av dei siste var i mål kring halv 10 i dag tidleg. Då venta det ein god frukost, avslutta Tomasgard.