Hopp til innhold

Her skulle det vore snø nok til å redde økonomien

SOGN SKISENTER (NRK): – Det er som om huset har brent ned tre gonger. Og no bygger vi opp for fjerde gong, seier skisenterleiar om den snøfattige vinteren.

Snøjakt i påsken

JAKTA PÅ KUNSTSNØEN: Ein liten tøffing skal teste forholda i Sogn skisenter med snøbrett

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

I Sogn skisenter i Luster er det rundt tjue menneske i traseen og heiskøen. Sola varmar, og utanfor løypene er bakken bar.

– Det har vore dårleg med snø jamt over. Men vi har hatt ope heile vegen, sidan vi har kunstsnø. Elles hadde vi ikkje klart det, seier Brunjulf Brynjulfsen.

Han sit i billettluka, og har oversikt over gjestene som kjem og går. Dei ventar fleire gjester i helligdagane, og det kan kome godt med.

– Det var lite snø i starten av sesongen. Når folk ikkje ser snø på plenen så vil dei heller ikkje på ski. Så vi hadde ein litt dårleg start, og det tek ein ikkje att i sesongen etter jul, forklarer styreleiar i Sogn skisenter, Tor Bremer.

Dei måtte få utsetting på låneavdrag frå kommunen sidan dei kom dårleg i gang.

Store investeringar

Skisenteret i Luster har investert i både ny heis, nedfartsløype, vassmagasin for å produsere snø dei siste åra. Til det har dei fått hjelp av kommunen,

– Så det er ingen dramatikk i at vi har fått utsetting på avdraget. Store investeringar medfører utgifter framover også, seier han.

Men også naboane har opplevd at den ustabile vinteren gir litt dårlegare økonomi enn dei ynskjer. Per Odd Grevsnes i Sogndal skisenter kan ikkje garantere overskot når påska er over.

Per Odd Grevsnes

DAGLEG LEIAR: I Sogndal skisenter håpar dei på ein betre haust- og førjulssesong for å vege opp for den varierande sesongen som ligg bak dei.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Eg prøver alt eg kan å drifte ei sunn bedrift. Men eg kan ikkje love noko. Men 2017 trur eg vi skal klare å lande med positivt resultat, om vi får ein nokolunde god desember.

Jobbar heile natta for å opne før helligdagane

– Det regna heilt til halv åtte i går kveld. Så har vi preppa heilt til klokka tre i natt for å opne, fortel Even Hole frå Jølster skisenter.

Dei har opne bekkar og brune flekkar i skisenteret i påsken. Snøen har ikkje fått ligge lenge av gongen i år.

– Eg bruker ein metafor om at det er som at huset har brent ned tre gonger, og no bygger vi det opp att for fjerde gong. Det har vore ein krevjande sesong. Men vi har, trass alt, hatt ganske mange dagar med drift likevel, seier Hole.

Påskeføre i sogn skisenter

PÅSKEFØRE: Snøen utanfor løypene har smelta fort vekk med varmegradene dei siste vekene. Det vart aldri dei enorme snømengdene i Sogn skisenter og dei andre skisentera på Vestlandet i år.

Foto: SIGRID SKJERDAL / NRK

– Vi slepp kø!

Utanfor varmestova i Sogn skisenter et nokre påsketuristar frå Sverige lunsjen sin. Dei ferierer her for fjerde gong.

– Det har vore gøy i bakken i dag. Det er ganske bra, for det er ikkje så Hardt. Det er kjekt når det er «slushit», seier Nils Sjönell.

Familien let seg ikkje skremme av at det er mindre snø enn dei har opplevd før.

– Vi blir bortskjemde med å aldri måtte stå i kø. Og det er utruleg vakkert uansett, seier Sandra Persson.

Svenske turistar i sogn

PÅSKEKOS: Sandra Persson, Ingrid Andreasson, Julius Sjönell, Nils Andreasson og Emma Sjönell kosar seg på ferie i Sogn.

Foto: sigrid skjerdal / NRK