Hopp til innhold

Her skal du sleppe å vente ein time

I årevis har E39-ferja mellom Anda og Lote droppa ein avgang midt på dagen.

Ferjesambandet Lote - Anda sett frå Navestølshammaren

KNUTEPUNKT: Ferjesambandet Anda – Lote er det tredje mest trafikkerte i Sogn og Fjordane.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Mannskapet og billettørane har lengta etter at denne avgangen skulle komme på plass, seier ferjeskipper Kjetil Sætre.

Mange har trudd at mannskapet har hatt lunsjpausen sin mens ferja har lagt i ro, men dette er ikkje tilfelle. Ruta har rett og slett vore lagt opp slik.

– Det har vore eit irritasjonsmoment for dei reisande at vi ligg stille midt på dagen. Det er ikkje tvil om at billettørane har fått høyre det, fortel Sætre.

Fjord1 endrar ruta

Ferjesambandet over Nordfjord har avgangar kvar halve time, berre ikkje midt på dagen. I mange år har næringslivet i regionen jobba for å få på plass halvtimes-avgangar også mellom klokka 12 og 13, ein time der det til no har vore stopp i avgangane.

No blir det tatt affære. Anbodshavar Fjord1 og oppdragsgjevar Statens vegvesen er samde om å endre ruta. Frå og med 1. februar går ferja tur-retur utan stopp heile dagen.

– Det har vore eit generelt påtrykk frå heile regionen på å få til denne ekstraturen. Vi ønskjer å yte eit så godt servicetilbod til kundane som mogleg, seier regionsjef Tor Kristoffersen i Fjord1.

Han vedgår at det for mange har vore vanskeleg å forstå kvifor ferja blir liggande i ro på Lote ferjekai midt på dagen.

– På denne ruta har det vore eit hôl rundt lunsjtider. Næringslivet har ikkje kunne forstå kvifor det måtte vere slik, og heller ikkje trafikantane, seier regionsjefen.

Kø på Lote ferjekai

MÅ VENTE: Køen hopar seg fort opp når det på det meste kan bli over ein times venting midt på dagen.

Foto: Mariannne Rotihaug

Rådhus-jubel

Blant dei som ikkje har kunne forstå, er ordføraren i Eid.

Alfred Bjørlo

HAR FREISTA Å PÅVERKE: Eid-ordførar Alfred Bjørlo er letta over at ruteendringa no kjem på plass.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Det var på høg tid at det kunstige holet i rutetabellen vart tetta, seier Alfred Bjørlo (V).

Han gler seg stort over det no kjem på plass ein ny tur-retur denne timen.

– Ferje er på ein måte ei hindring i kvardagen, både for folk flest og næringslivet. Eit minstemål må vere å vite at ferja går jamt og at den går heile dagen. Når det på E39, hovudsambandet på Vestlandet, er stopp ein time på dagen, så er det rett og slett ikkje slik det skal vere i 2016.

Ifølgje Bjørlo har kommunen jobba aktivt for å slutt på timespausen.

– Vi har halde på i eit par år for å få inn denne ekstra avgangen. Eg er veldig glad for at dette har ordna seg. Dette betyr at no veit folk at ferja går kvar einaste halvtime heile dagen, utan unntak som du treng å hugse på eller bry deg om, fastslår Eid-ordføraren.

Ferjetrøbbel på Anda - Lote

LEGG SEG TIL RO: Lote ferjekai har vore fast liggehamn for ferjesambandet Anda–Lote midt på dagen.

Foto: Marianne Rotihaug

Lette om bord

Og når reiarlag, næringsliv, kommune, og truleg også vanlege trafikantar er fornøgde, ser mannskapet om bord i MF «Årdal» lyst på livet.

– No er vi glade. Vi går att og fram på fjorden og no går det mot lysare tider. «For livets glade gutter, går solen aldri ned», ler skipper Kjetil Sætre.