Hopp til innhold

Her skal det kome idrettsanlegg for 50 millionar

Stryn turn- og idrettslag planlegg nytt idrettsanlegg i Stryn sentrum med samla prislapp på over 50 millionar kroner.

Nye Stryn Arena

SLIK: Om alt går etter planen går Stryn turn og idrettslag i gang med å bygge dette anlegget i sentrum av Stryn.

Foto: Aaland Arkitektkontor

– Det betyr fantastisk mykje. Å få på plass alt dette i eit så kompakt anlegg, er så bra det kan bli. Vi har fått mykje skryt for anlegget så dette har vi tru på, seier Jonn Beinnes som er leiar for Stryn turn og idrettslag.

I Stryn blir det no planlagt ein ny arena for idrett. Anlegga med hall og fotballbaner vil samla koste over 50 millionar kroner. Bygginga skal etter planen starte seinsommaren 2017, men då treng idrettslaget støtte frå fylkeskommunen.

– Vi har søkt og treng fem millionar frå fylkeskommunen. Det er eit ganske lite beløp om ein samanliknar med kva andre har fått tidlegare. Så vi har god tru, og håpar på å få støtte.

Gode signal

Beinnes fortel at dei allereie har kome langt i arbeidet med å sikre finansiering. Før fylkeskommunen bestemmer seg, er dei allereie sikra 15 millionar i tippemidlar og til saman 8,5 millionar frå Stryn kommune. Beinnes har tru på byggestart seinsommaren 2017.

– Vi har god tru på å få det til, men vi treng å få på plass eit par sponsorar. Frå det lokale næringslivet har vi fått svært gode signal.

Kunstdekke og hall

I planane for anlegget er det lagt inn at det skal kome ei ny kunstgrasbane, samt at den fotballbana som i dag har naturgras og skal få kunstig dekke. I tillegg har Stryn for lite hallkapasitet, og Beinnes fortel at det no skal rettast på.

– Vi planlegg ein fleirbrukshall og ein turn- og basishall. I tillegg er det eit arenabygg der det skal vere garderobar, kanskje leilegheiter og eit treningssenter.

Samarbeid

Etter at finansieringa er på plass forventar Beinnes at idrettslaget sit att med ei rekning på mindre enn ti millionar. Noko han seier skal gå bra å finansiere for idrettslaget.

Trass at det vil vere mogleg å spele handballkampar i den nye fleirbrukshallen, har Beinnes ingen planar om å konkurrere med den allereie eksisterande «Strynehallen».

– Vi håpar Strynehallen blir skikkeleg laga til og at handballen blir der. Så kan ein ved større arrangement fordele kampane mellom dei to hallane. Det blir ikkje konkurranse. Vi håpar på samarbeid og har alt snakka med kommunen.