Hopp til innhold

Her skal dei snart opptre for hundretusenvis

Her har Florø Drill siste generalprøve før dei skal opptre føre sitt største publikum nokosinne. Det vart ein kveld prega av høge skuldrer og nervar før Sommeråpent si sending frå Florø.

Florø Drill øver før Sommeråpent

KLARE: Trenar Anja Merethe Knudsen gir dei siste innstruksane før jentene skal opptre for fleire hundre tusen sjåarar. Jentene fekk litt av eit sjokk når det gjekk opp for dei kor stort pulikum faktisk var. Foto: Alf Vidar Snæland.

– Eg er nervøs. Vi manglar nokre jenter, så det er litt tomrom, sa Hanne Brendehaug når det nærma seg sending.

– Du tenkjer mykje på det i løpet av dagen. Eg har til og med drilla tidlegare i dag, berre for å forsikre meg om at eg kan det. Det er spanande heile dagen, fortalde Astrid Skorge Fisher.

Nervøse timar

Allereie klokka 19 vart første øving for kvelden gjennomført. Då var det to og ein halv time att til sending. Til saman gjekk dei gjennom rutinen fem gonger før klokka 21.30 då det heile braka laus.

Til trass for nervane, kunne og kan jentene trøyste seg med ein ting. Trenaren deira, Anja Merethe Knudsen, var endå høgare oppe.

– Gudameg, eg tykkjer det er heilt forferdeleg. Eg er meir nervøs enn jentene. Frykteleg nervøs. Det å halde roen når jentene skal ut på golvet, og eg står der, sa ho og drog på det. Eg må verkeleg ta meg saman.

Florø Drill

PEPTALK: Trenar Anja Merethe Knudsen gir ein peptalk til drillpikene Hanne Brendehaug (t.v.) og Astrid Skorge Fisher

Foto: Eirik Hildal / NRK

Ho hadde likevel klokketru på elevane sine, alle mellom 9 og 16 år, i timane og minutta før sending. For føre Noregsmeisterskapen, som Florø Drill vann, var nervane hjå både trenar og jenter endå verre. Likevel presterte dei godt i NM

– Dei har ein tendens til å klinke til når det gjeld som mest. Uansett kor nervøse dei er. I NM var det fleire som var fysisk dårlege av nervar. Dei gjekk nesten i golvet og heldt på å svime av, seier Knudsen.

Tid for alvor

Trening gjer meister. Slik er det og for dei unge drillarane. Dei som øver mest, trener åtte timar i veka, i tillegg til eigentrening. Ein blir ikkje best i landet utan.

- Du er veldig nervøs dei siste sekundane, men det går så fort. Og så plutseleg er du på golvet og er ferdig. Vi har øvd så mykje at det går automatisk, seier Brendehaug.

Drakta var endeleg på, støvlettane var snora. Og bang, bang, bang. Jentene gjorde som trenaren sa, og leverte som best når det gjaldt som mest.

Florø Drill under Sommeråpent

Sjå drilljentene sin prestasjon på Sommeråpent. Foto: Alf Vidar Snæland. Video: Eirik Hildal.

– Det var veldig gøy! Det var spennande! Slik skildrar Hanne Brendehaug det drøye minuttet jentene var på TV-skjermen til sjåarar landet rundt.

– Eg ser du ikkje klarar å stå i ro. Er de fordi du frys eller fordi du er høgt oppe no?

– Begge deler!

– Bodyen min spratt opp, og det var veldig flaut. Men eg tok det med eit smil. Det var veldig gøy der ute, seier Astrid Skorge Fisher.

Også trenaren var nøgd.

– Eg er veldig fornøgd. Dei er kjempeflinke. Det var gøy å sjå, seier Knudsen.

– Nei! Det visste vi ikkje. Du tullar?

Poengsummen under NM-triumfen gav kvalifisering til europameisterskapen i Italia for å måle seg med dei beste i Europa. Og dei er ikkje beskjedne. Målsettinga då? Det ville programleiarane til Sommeråpent vite. Jo, sa jentene, det var sjølvsagt siger.

– No er det pengane som avgjer om vi kjem oss til Italia. Jentene har selt vaflar her ved Sommerbåten i dag, panta flasker, og dei har sponsorar. Flora-samfunnet stiller opp. To stykker starta kronerulling på Facebook utan at dei har tilknyting til drilltroppen

Del dine bilete frå møtet med Sommarbåten - med #nrksf

I NM førte nokre hundre i salen nesten til oppkast på parketten. I EM blir det ganske sikkert endå fleire. Ingen av delane kan måle seg med dei mange hundre tusen som benkar seg og ser Sommeråpent. Men det hadde trenaren strategisk unnlate å informere om.

– Veit de kor mange som såg på dykk på TV i kveld?

– Nei, seier begge dei unge drilljentene.

– Det er mange hundre tusen.

– Nei! Det visste vi ikkje. Du tullar?

– Nei.

- Nei? Oi. Å herregud. Like greitt vi ikkje visste det. Det hadde vore mykje verre.

Men dei drilla jentene hadde nok klart seg greitt uansett. Neste stopp er EM.