Hopp til innhold

Her prøvekøyrer dei triatlonløypa

NAUSTDAL (NRK): I juni har du sjansen for å måle styrke og vise kor tøff du er. Då er det nemleg klart for Sunnfjord Triathlon.

Foto: Eli Eikenæs Vengen, NRK

SJÅ VIDEO: Desse friskusane starta dagen i 3,5 grader kaldt vatn. Foto: Eli Eikenæs Vengen, NRK

20. juni er det sjette gong på rad at det blir arrangert triatlon i Sunnfjord. Men allereie i dag var det nokre modige sjeler som ville ta ein liten test-tur.

Sjølv om ikkje vêrgudane synte seg frå si beste side, la det ingen dempar på dei åtte som hadde møtte fram på Sanden i Naustdal for trene til Sunnfjord Triatlon.

– Eg blei utfordra av brørne mine og trudde vel eigentleg ikkje at eg kunne gjennomføre noko slikt som dette, seier Else Slettehaug, den einaste jenta blant dei som møtte fram til trening.

Fekk ideen i USA

– Triatlon er ein aktivitet som i dag er veldig i skotet, seier Odd Kåre Nøstdal som er ein av arrangørane.

Bakgrunnen for Sunnfjord Triatlon var ein USA-tur der Nøstdal til USA såg «Iron Man» som er den opphavleg versjon av triatlon, og som blei arrangert for første gong på Hawaii i 1978.

– Då tenkte eg at med dei vakre omgjevnadane vi har her i Naustdal, så må vi klare å få til noko liknande, seier Nøstdal.

3,5 grader i vatnet

– Pulsen er høg før start, for det er ein konkurranse, sjølv på mosjonistnivå, seier Slettehaug.

Sjølv med berre 3,5 grad i vatnet måndag, og heller hustrigt på land, meiner Dag Rune Mallasvik hos arrangøren at dette er noko for alle.

– Vi har tre løyper. Ei lang for dei som vil utfordre seg sjølve og ei kort løype. Så har vi ein lagkonkurranse der ein sym, ein syklar og ein spring. Det kan alle vere med på, seier han.