Hopp til innhold

Her minnast dei sin avdøde partikollega

– Det er eit sjokk for oss alle, spesielt for dei som stod han nærast, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre, Vidar Grønnevik.

Minnast Finn Ove Njøsen

ULUKKESTADEN: Fleire Høgre-politikarar la ned blomster og tende lys på ulukkesstaden der partikollega Finn Ove Njøsen mista livet i ei sykkelulukke laurdag ettermiddag. Frå venstre: Anne Lilleaasen, Noralv Distad, Sonja Øvre-Flo og Bjørn Hollevik.

Foto: Ingvar Torsvik Myrvollen

Måndag tok fleire av Høgre sine fylkespolitikarar turen til staden der partikollega Finn Ove Njøsen mista livet i ei sykkelulukke i Førde laurdag ettermiddag.

Njøsen var politikar for Høgre i bystyret i Førde og tidlegare fylkessekretær i partiet, og arbeidde som kommunikasjonsrådgjevar i Helse Førde.

Ein av dei som tok turen til ulukkesstaden i dag var fylkesgruppeleiar i Høgre, Noralv Distad.

Finn Ove var ein fantastisk flott kar som gjorde ein stor innsats for partiet. Han var også ein god ven for mange av oss i partiet og dette er djupt tragisk. Derfor valde vi i dag å samla heile fylkestingsgruppa for å minna han. Det var ein sterk oppleving, men samstundes var det godt for oss å få tatt farvel med han på den måten, seier Distad.

– Ein markert skikkelse i Høgre

For partikollegaane vert Njøsen hugsa som ein tydeleg og rydding politikar.

– Det er ikkje tvil om at han har vore ein markert skikkelse i Høgre, både på fylkesnivå og i bystyret i Førde. For oss er dette veldig tungt, seier Grønnevik.

– Korleis var han som politikar?

– Finn Ove var kjend som ein politikar som var tydeleg på kva han stod for og meiningane sine. I politikken er det slik at ikkje alle har dei same meiningane, sjølv om dei er i det same partiet. Han var ein av dei som på ein ryddig og tydeleg måte gav uttrykk for sitt syn på ein ryddig og tydeleg måte.

Ulukka skjedde ved Flatene i Førde sentrum laurdag ettermiddag. På veg ned ein bakke mista Njøsen kontrollen på sykkelen og hamna utfor ein skråning

Finn Ove Njøsen

Finn Ove Njøsen. Bildet vart tatt på hausten i 2015.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK