NRK Meny
Normal

Mann omkom i sykkelulukke

FØRDE (NRK): Ein mann i 50-åra døydde av skadane han fekk i ei sykkelulukke laurdag ettermiddag.

Sykkelulukke i Førde

GRANSKAR ULUKKA: Statens vegvesen si ulukkesanalysegruppe er på staden, saman med politiet. E39 går like nedanfor.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Det var like før klokka 14 at politiet fekk melding om at ein person var funnen medvitslaus i vegkanten like ved E39 i Halbrendslia i Førde.

– Ulukka har skjedd ved Flatene. Mannen har sykla utfor ein skråning, seier operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt.

Mannen blei frakta til sjukehus med ambulanse, men døydde av skadane.

– Vi har vitne som såg ulukka og gjer no avhøyr, seier han.

Sykkelulukke i Førde

SPERRA AV: Ulukka skjedde like over innkøyringa til Flatene i Førde.

Foto: Kristian Solheim

Innsatsleiar Joachim Malterud som er på ulukkesstaden, seier at mannen har hamna tre til fem meter nedanfor vegen.

– Mannen har kome over rekkverket medan han har sykla nedover frå Flatene. Det er tre til fem høgt der ulukka har skjedd, seier han.

No undersøkjer politiet staden.

– Vi skal forsikre oss om at ikkje andre har vore involvert i ulukka. Førebels er det ikkje mistanke om at han er påkøyrd.

Statens vegvesen si ulukkesanalysegruppe er også på staden for å gjere undersøkingar.

Sykkelulukke i Førde

UTFOR KANTEN: Ulukka skjedde like ved E39 i Førde.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune