Hopp til innhold

Her må du bu deg på lange ventetider

Bermålstunnelen mellom Lærdal og Årdal skal rustast opp. Det betyr ein betre tunnel, men nattestengt tunnel frå 4. januar.

Bermålstunnelen

BEREDSKAPSPLAN: Naudetatane, vegvesenet og Årdal kommune har laga ein beredskapsplan for å sikre hastetransportar.

Foto: Statens vegvesen

Tunnelen, som ligg på fylkesveg 53 mellom sognekommunane, har i lengre tid vore mørklagd på grunn av jordfeil på det elektriske anlegget.

No skal heile tunnelen oppgraderast, med både nytt lysanlegg, havarinisje inne i tunnelen, ny ventilasjon, betre vass- og frostsikring og ny asfalt i heile tunnelen.

Arbeidet vil skje nattetid, og tunnelen vil vere heilt stengt mellom klokka 20 og 06. Bussane som etter rutetidene skal passere, får kome gjennom med ledebil.

– Vi kjem ikkje unna lange stengingar med sprengingsarbeid. Ikkje berre skal det sprengast, men vi må lufte ut tunnelen etter salva og sikre veggar og heng før trafikk kan passere, seier byggjeleiar Torleiv Hurthi i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

Vegvesenet, naudetatane og Årdal kommune har snakka saman og laga ein beredskapsplan som sikrar passering innan 20 minutt for naudetatane.

Tunnelen vil vere open for fri ferdsel når det ikkje er arbeid, men med nedsett fartsgrense.