Fleire vegar vert stengde på grunn av rasfare

Fleire skred, stengde vegar, fare for kolonnekøyring på fjellovergangane og bygd som er isolert. Kraftig uvêr råkar Vestlandet og fjellet i Sør-Noreg.

MYKJE NEDBØR: Slik såg det ut i Svidalselva på Vassenden på sundag. Foto: Oddleif Løset/NRK.

Søndag gjekk det eit sørpeskred ved Ommedalsvatnet mellom Hyen og Austredalen på fv. 691, melder politiet. Ingen skal vere tekne av skredet.

I Sogn er vegen mellom Fresvik og Feios stengd på grunn av eit jordskred. Skredet er mellom 50 og 60 meter breitt.

– Det ser ut til at ingen er tekne av skredet, men vi skal ta kontakt med dei som bur i området, for å forsikre oss om at ingen er sakna, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Rebnord.

Bygda Fresvik med sine 200 innbyggjarar er no isolert. Redningsselskapet hjelpte tidlegare til med å kartlegga omfanget av raset. Dei bekreftar at Fresvik er isolert.

Redningsselskapet

SØK: Redningsselskapet hjelpte naudetatane med å kartlegga omfanget. Her frå redningsskøyta Uni Sognefjord.

Foto: Redningsselskapet

Steinmur rasa ut

I Hordaland byrjar dei store vassmengdene å vise seg i form av mindre flaumsituasjonar. På rv. 13 like før Butunnelen i Hardanger blei halve vegen stengd grunna ein steinmur som har rast.

– Ingen skal ha blitt skadde, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt. Vegen er no opna igjen.

I tillegg melder politiet om at Nye Sædalsveien i Bergen no er stengd på grunn av flaum. Dei skriv at vasstanden er aukande og at det er fare for flaum der.

– Det er eit kjent flaumområde. No skal det vera ein halv meter med vatn der, seier Morten Rebnord i Vest politidistrikt.

Han seier at det er fleire slike småsituasjonar med mykje vatn i vegbana i heile Hordaland for augeblinken.

På E39 på Osvegen ved Kaland i Bergen er det dirigentar på veg for å starta manuell dirigering på grunn av flaum. Vegtrafikksentralen oppmodar alle om å køyra forsiktig.

Det har også vore fleire små vassinntrengingar bustadar og ein skule, men dette har brannvesenet no kontroll på.

– Det skal ha vore lite skadar, seier Tore Fanebust i 110-sentralen Hordaland.

Mykje vatn ved hus

Måndag morgon køyrer brannvesenet på Voss fram til eit bustadhus i Kverkane på grunn av fare for vassinntrenging.

– Det er mykje vatn som står på mot eit hus. Me køyrer fram for å sjå om det er noko me kan hjelpa med, seier Tore Fanebust ved 110-sentralen.

Samstundes har brannvesenet i Lindås pumpa ut vatn frå ein kjellar i eit næringsbygg i Knarvik gjennom heile natt.

Me har pumpa vekk mykje, men det er mykje vatn. Mannskapet har jobba med restverdiredding og opptørking, seier Fanebust.

Vaktkommandøren seier natta blei mindre hektisk enn frykta.

- Når ein tenker på nedbørsmengdene som er komne, så blei me litt skåna hjå oss samanlikna med andre stader.

– Nedbøren vil halde fram

Mykje regn og kraftig vind har prega helga i vest, noko som fører til stengde vegar.

– Både nedbøren og den kraftige vinden vil halde fram, seier meteorolog Martin Granerød.

Mannskap måtte jobbe på spreng for å halde E39 mellom Førde og Jølster open for trafikk, etter at Årsetelva på Vassenden i Jølster fløymde over. Vegvesenet har no fått leda vatnet vekk frå vegen.

– Faren er over inntil vidare. Det er venta meir nedbør gjennom natta, seier trafikkoperatør Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

På fylkesveg 609 ved Hundsåna mellom Askvoll og Førde i Sunnfjord er vegen stengd på grunn av rasfare.

Fare for ras gjer at vegen mellom Vik og Arnafjord i Sogn er stengd fram til måndag.

Må stenge fleire vegar

Fleire vegar vert stengde i Sogn og Fjordane kl. 22 sundag på grunn av rasfare. Desse er fv. 5829 Otterdal-Grodås, fv. 5723 Bødal-Loen, fv. 5722 Storesund-Flo, fv. 5744 Fossebakken -Navelsaker og fv. 5724 Briksdalen-Olden. Det blir ny vurdering på desse strekningane klokka 9 måndag.

Kraftig vind langs kysten gjer at ferjesambandet Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella sitt anløp til Losna er innstilt.

Norled melder at born ikkje får reise aleine på hurtigbåten mellom Selje og Bergen sundag ettermiddag på grunn av dårleg vêr.

Årsetelva renn over og inn på E39 ved Vassenden i Jølster

VATN I VEGEN: Fleire bilistar melder om mykje vatn på vegane. Her frå E39 ved Vassenden.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Skøyteis på fjellet

Det bles og regna over store delar av Vestlandet. På fjellovergangane blir det meldt om vanskelege køyreforhold. Rv. 13 over Vikafjellet er stengd på grunn av uvêr og flaum.

– Det bles godt på fjellet i Sør-Noreg, seier meteorolog Martin Granerød.

Glatte vegar kan komme brått på fleire bilistar. På E134 over Haukelifjell er det fleire som melder om skøyteis, opplyser Vegvesenet. Kraftig vind bles vekk vegsaltet.

På enkelte fjellovergangar kan det fort bli verre sundag kveld.

– Det er fare for kolonnekøyring på både E16 Filefjell og rv. 52 Hemsedalsfjellet, seier trafikkoperatør Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen.

Bjøberg søndag kveld

HEMSEDALSFJELLET: Slik ser vegen ut ved Bjøberg på Hemsedalsfjellet.

Foto: Statens vegvesen

Jordras i Sogn

Litt over klokka 13 melde politiet om at det var gått eit jordras i Sogndalsdalen.

– Me har folk som observerer at det rasar i fjellsida, seier trafikkoperatør Hille.

Vegvesenet har fått fleire telefonar frå bilistar som har fått merke uvêret.

– Viss folk må køyre, så er det viktig å vere varsame. Gje gjerne beskjed om du ser noko som er verdt å melde frå om, seier trafikkoperatør i Vegvesenet, Ove Amundsen.