Hopp til innhold

Her legg stjernene grunnlaget for medaljer

VIKAFJELLET (NRK): På ekte, norsk vårsnø legg dei tsjekkiske skiskytarstjernene grunnlaget for den komande VM-sesongen.

Denne veka er dei tsjekkiske skiskyttarane på Vikafjellet - der skal dei leggje grunnlaget for medaljefangst på vår eigen heimebane i VM i Holmenkollen til vinteren

PÅ NORSK SNØ: Michal Šlesingr (t.v.) og Ondřej Moravec er blant dei kjende skiskytarane som har lagt i hardtrening på Vikafjellet i Sogn.

– Det er verkeleg fint. Dette er første gongen vi er her. Og eg synest det er ein av dei beste stadene for ski på denne tida.

Det seier Ondřej Moravec, ein av tsjekkarane sine medaljehåp for skiskytar-VM som går av stabelen i Holmenkollen i mars neste år.

Saman med lagkameratane får han no fleire timar kvar dag på ski i den norske fjellheimen, og den kalde våren har han slettes ikkje noko imot.

– På breen er det mykje høgare, og du må vere forsiktig med fart og intensitet. Så eg likar meg godt, slår Moravec fast.

Skor seg på godt rykte

Ondřej Moravec har to sølv frå OL og eitt VM-gull, og nyttar dagane til lange treningsturar.

– Fleire og fleire internasjonale skistjerner kjem til Norge for å trene på snø til langt utpå sommaren. Også her på Vikafjellet, seier primus motor for skisenteret, Asbjørn Hønsi.

– Ryktet spreier seg i miljøet, det har det gjort dei siste åra. Så vi har ein ganske stor pågang, seier Hønsi.

Kjem gjerne attende

Tidlegare har dei hatt det italienske landslaget på samling. No er tsjekkiske skiskyttarkanonar som Gabriela Soukalová og Ondřej Moravec på plass. Snart kjem også det britiske landslaget i langrenn.

Og grunnen? Sjølvsagt tilgangen på gode treningsforhold i skisenteret – men først og fremst flotte forhold for langrenn på ekte snø på Vikafjellet. Ondrej Moravec kjem gjerne attende til dei gode snøforholda på Vestlandet.

–Om trenarane meiner det, er eg samd. Det er bra her, seier den blide tsjekkaren.

Tsjekkisk landslag Vikafjellet

GODE FORHOLD: Det tsjekkiske skiskytarlandslaget har gode dagar med mykje snø på Vikafjellet.

Foto: Steinar Lote / NRK

Betyr mykje for Vik

For kommunen Vik i Sogn er eit sommarope skisenter viktig, også økonomisk. Aktiviteten på skisenteret betyr at utøvarane legg att pengar til overnatting, mat, drivstoff og utstyr.

Asbjørn Hønsi på Vikafjellet

SÆRS NØGD: Asbjørn Hønsi

Foto: Rune Fossum / NRK

– Dette handlar jo omdømebygging for Vik. Dess fleire som kjem hit, dess betre omdøme får vi. Vi tykkjer det er like stas med 10-12-åringar i skisenteret, som det er å ha stjerner. Men får vi stjernene klarer vi betre å byggje eit miljø rundt dei sunne verdiane, meiner Asbjørn Hønsi.