NRK Meny
Normal

Frå miljøproblem til produkt for millionar

Før var det støv som hamna i klesvasken til folk i nærområdet. No har det blitt til eit produkt som ein finn i verdas høgaste bygning.

Silisium.

SPESIALISERT SEG PÅ SILISIUM: Ved Elkem Bremanger har verket spesialisert seg på fire familiar med silisiumbaserte produkt. Blant desse er microsilica.

Foto: Bård Siem / NRK

Stoffet microsilicia var for 50 år sidan eit miljøproblem for Elkem og smelteverket i Svelgen.

– Det gjekk rett ut av skorsteinen og hamna i klesvasken til folk i Svelgen og omland, seier Arne Werge-Olsen, som er administrerande direktør ved Elkem Bremanger.

På midten av 1970-talet monterte ein reinseanlegg for å få bukt med det fine støvet som la seg i nærområda. Det var Teknisk Ukeblad som først omtalte saka.

No har den tidlegare miljøsyndaren blitt til god butikk for hjørnesteinsbedrifta.

– Frå å vere eit miljøproblem har dette blitt til ein vare og eit fantastisk produkt for oss, seier Werge-Olsen.

I 2016 hadde Elkem AS eit årsresultat på 758 millionar kroner.

Frå Svelgen til Dubai

Mellom 18 000 og 20 000 tonn med microsilicia blir produsert ved Elkem Bremanger.

– Det blir brukt mykje i betong og støyping. Det gjer at betongen vert hardare, tettare og sterkare, seier Werge-Olsen.

Hard og tett betong er viktig når du skal reise eit bygg på 828 meter. Til verdas høgste bygg, Burj Khalifa i Dubai, har Elkem produsert 20 000 tonn med microsilicia.

– Noko av det har vi produsert i Svelgen. Ein finn også produktet i store bruer som blant anna Øresundbroen, seier han.

Arne Werge-Olsen

FRÅ MILJØPROBLEM TIL RÅVARE: Den tidlegare miljøsyndaren har blitt til millionbutikk, meiner administrerande direktør ved Elkem Bremanger, Arne Werge-Olsen.

Foto: Bård Siem / NRK

Microsilicia blir ikkje berre nytta som eit tørt produkt. I Svelgen blir det laga ei blanding som no erstattar asbest.

– Vi blandar microsilicia med vatn og lagar eit produkt som går til fibersement. Dette erstattar det som tidlegare var asbest i etternittplater. Det aller meste av den produksjonen kjem frå Elkem Bremanger, seier

For smelteverket med kring 180 tilsette er den tidlegare miljøsyndaren ein viktig del av arbeidet som verket har spesialisert seg på.

– Dette er ikkje eit miljøproblem lenger, men ein råvare til eit produkt som er viktig for botnlinja.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.