Hopp til innhold

Her knuser Kjell (79) norgesrekorden på 1.500 m med 47 sekund

Kjell Steinset er straks 80 år. Og sette i helga to norgesrekordar i friidrett.

Kjell Steinset på 1.500 meter

I FORM: - Eg sprang nok litt betre enn eg hadde trudd, seier Kjell Steinset.

Foto: Jan Svoen

– Laurdag sette eg ny rekord på 1.500 meter med tida 6.30. Og søndag sette eg rekord i 800 meter, seier Steinset, som kjem frå Jølster.

Han er 79 år, men fyller 80 år i år, og deltek dermed i klassen 80–84.

Rekorden på 1.500 meter var heile 47 sekund betre enn den førre norgesrekorden.

– Rekorden på 800 meter var vel omtrent like bra. Der sprang eg på 3,04,60 og den førre var på 3,27, seier Steinset.

Sprang betre enn han hadde trudd

Han har mange NM og EM bak seg, og også der har han sett rekordar.

– I 75-årsklassen har eg tre innandørsrekordar på 400 m, 800 m og 1.500 meter. Utandørs har eg rekordar på 800 m og 1.500 m i klassen for 75–79 år, seier Steinset.

Han var ikkje overraska over at det vart nye rekordar i helga, men er godt nøgd med tidene.

– Eg sprang nok litt betre enn eg hadde trudd, ler Steinset.

Han trenar fire gonger i veka og er nøgd med det.

– Det er vel ikkje så verst når ein er så gammal, seier Steinset.N

Trente ikkje nok som ung

Som ung var han også aktiv i friidrett, men hevda seg ikkje i toppen av resultatlistene.

– Eg var middels god. Eg hadde talent, men eg trente ikkje hardt nok for å bli skikkeleg god. Det er først etter at eg vart pensjonist at det har losna, seier Steinset.

Han er takksam for at alderen har fare fint med han.

– Eg har halde meg bra og har fått lov til å vere frisk, seier Steinset.

I sommar er det nordisk meisterskap i Odense i Danmark, og der har han planar om å stå på startstreken.

Noko feiring av NM-rekordane vert det ikkje. Men han tek treningsfri måndag.

– I morgon vert det berre seniordans. Så får eg sjå om eg tek ein skitur på tysdag. Eg treng litt forsiktig trening på beina etter øktene no i helga, seier Steinset.

Er sprek for alderen

Narve Heggheim i Norsk friidrett i Sogn og Fjordane er imponert over resultata til Steinset.

– Han er sprek for alderen, og eg blir ikkje mindre imponert ettersom åra går. Dette er ein sterk prestasjon, seier Heggheim.

Han peikar på at friidrett er ein idrett ein kan drive med heile livet.

– Løp er spesielt. Det kan ein langt på veg drive med veldig lenge, seier Heggheim.