Hopp til innhold

Vind i orkan styrke kjem til å treffe kysten

Uvêr byr opp til mektig maktdemonstrasjon langs kysten. Vind i orkan styrke kan gjere skade.

Kråka fyr, Vevang

HALD PÅ HATTEN: Ved Stad vil det blåse opp mot orkan styrke når uvêret treff kysten.

Foto: Steinar Vikås

– Det vil vere sørleg full storm langs heile kysten på Vestlandet, og det kan vere vi får vindstyrke opp i orkan ved Stad, seier statsmeteorolog Martin Granerød.

Det er venta høge bølgjer og rullande sjø frå Måløy til Ona,og det kan altså blir opp i orkan styrke ved Stad.

Orkan er den kraftigaste vinden på Beaufort vindskala, og kan gi store øydeleggingar på land. Vinden vil auke fram mot natt til torsdag når uvêret kjem.

– Sør for Island er det eit stormsenter som vert danna. Det kjem til å treffe Vestlandet natt til i morgon, og vi får sørleg liten storm utsette stadar og full storm på kysten i nord. På natta får vi sørleg full storm langs heile kysten, seier Granerød.

Når vinden er i sørleg retning er det er positiv for dei som bur lenger inne i landet.

– Den retninga vil ein ikkje merke innover landet, men ved utsette stadar og i fjellet, vil ein likevel merke dette godt.

Det er kysten av Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal som vil merke mest til vinden. Orkanen vil treffe ved Stad, medan det frå Bulandet og til Svinøy vil vere sterk storm.

– Lågtrykket passerer Stad i natt og vil bevege seg nordover langs kysten, seier meteorolog Lars Andreas Selberg.

Sør og nord i landet vil det vere mindre vind. Sørlandet får liten kuling i natt, medan det i nord blir liten til stiv kuling.

Det skal bøtte ned

Vinden får selskap av regn, og det vil komme mykje nedbør på kort tid, åtvarar meteorologen.

– Det er absolutt mykje nedbør. I løpet av seks timar får vi mellom 40 og 60 millimeter nedbør.

Meteorologen har ei klar oppmoding til alle langs kysten.

– Rydd vekk lause gjenstandar før stormen kjem, seier Granerød.

Martin Granerød

PARAPLY: Statsmeteorolog Martin Granerød åtvarar mot kraftig vind langs heile kysten.

Foto: Kamilla Pedersen / met.no