Her er Tore (3) og Håvard (3) sjef for settinga

Berre dagar etter at det låg eit ørlite melisdryss over bøane i Lærdal sette bøndene i gang med setting av poteter og gulrøter. På Voll var tre generasjonar i sving.

Potetsetting i Lærdal, Martin Birnit lengst til venstre, Tore Molde Voll (3), Håvard Voll Birnit (3

UNDER OPPSYN: Treåringane Tore Molde Voll og Håvard Voll Birnit held arbeidet til pappa Martin Birnit og bestefar Arne Slogvik under nøye oppsyn. Maskina dei brukar er halvautomatisk, men kvar enkelt potet må puttast i.

Foto: Jan Christian Jerving

– Det er ikkje alltid dei minste blir med så lenge. Men det er stor stas, fram til dei blir leie, humrar bestefar Arne Slogvik.

Han er ein av mange bønder som i desse dagar set grønsaker. For vêrsjuke vestlendingar er synet av bønder i arbeid på åkrane eit sikkert vårteikn.

I Lærdal var arbeidet i gong berre dagar etter det som iallfall til no er vårens siste snøfall.

– Det kom bitte litt, men det forsvann i løpet av dagen. Vi har lite nedbør i Lærdal, så det er sjeldan det kjem noko særleg med snø, seier Slogvik.

Potetsetting i Lærdal

200 TONN: I fjor leverte Arne Slogvik (i førarsetet på traktoren) vel 200 tonn poteter. Med ein god vår ligg det til rette for eit godt år også i år.

Foto: Jan Christian Jerving

Leverer opp mot 200 tonn poteter

Og nettopp det tørre klimaet er blant faktorane som gjer Lærdal godt eigna for produksjon av bær og grønsaker. Arne Slogvik (66) har vore frukt- og grønsaksbonde i Lærdal i 30 år.

I fjor hadde han mål om å levere 170 tonn poteter, men enda på 200 tonn.

– Eg var heldig med potetene i fjor, konkluderer Slogvik som trur på nok eit godt år.

– Eg trur på det beste, men det kjem alltid nokre overraskingar.

Nervepirrande veker i vente

Dei neste månadane har han eit spesielt forhold til vêrvarslinga. Slogvik har ein kjenning som er meteorolog, og flirer når han fortel om dei mange telefonane dei imellom.

For det er små marginar som skil mellom gode og dårlege avlingar.

– Det er frosten eg fryktar mest. Akkurat no er potetene eit stykke nede i jorda, så det er ikkje så farleg enno. Det er verre når dei byrjar kome opp, då er det nervepirrande.

Gulrotfrø i jorda i Lærdal tidleg i april

I JORDA: Dei første gulrotfrøa er komne i jorda i Lærdal. Lite nedbør, tidleg vår og godt jordsmonn er faktorar som gjer dalføret i Lærdal godt eigna for frukt og grønsaker.

Foto: Jan Christian Jerving

Førstemann?

På ein av nabogardane vart det sett gulrøter i helga. Etter det NRK forstår er dette dei to gardane som i år var først med setting.

Slogvik ler litt av spørsmålet om han var førstemann til å få potetene i jorda.

– Eg trur det, flirer han.

Han vedgår at det er litt kniving om å vere først.

– Men ikkje så veldig. Det er enkelte dette kan vere litt viktig for. Og så er det litt viktig kven som haustar først.

– Men det er ikkje alltid at den som sår først, er den som haustar først, legg han fort til.

Rikard Lysne, leiar i Lærdal Grønt, som organiserer frukt- og grønsaksbøndene i kommunen, er også i full gang med å sette grønsaker. Han seier våren i år ligg heilt på det jamne.

– No har vi lagleg vêr som gjer at vi får gjort mykje tidleg i april.