Hopp til innhold

Her har det heilt gått i surr for epletrea...

I hagen til Roger Nedberge Hille i Lærdal har fleire av epletrea bomma heilt på årstida, og står no i full blomst.

Blømer som berre det

I STORFORM: Epletrea i hagen til Roger Nedberge Hille bognar ikkje berre over av eple. Nokon av epletrea står også i full blomst.

Foto: Roger Nedberge Hille

– Eg var i hagen og gjekk forbi nokre av epletrea. Plutseleg såg eg at det var noko kvitt på greinene, så eg laut sjå nøyare etter. Då såg eg at det var epleblomar som hadde sprotte ut no på seinhausten, seier Hille.

På nokre av Gravenstein-trea heng eple (som skal vere modne sånn rundt denne årstida), like ved sidan av kvite, fine epleblomar.

– Det var litt artig, seier Hille.

Blir neppe epleplukking til nyttår

– Kva tenkte du når du såg epleblomar i hagen, siste helga i september?

– Eg vart jo litt sjokka. Men når vi tenkjer på sommaren i år, som var både kald og fuktig, så er det kanskje difor plantene har fått seg ein liten opptur no når det har vore både tørt og mildt. Kanskje dei trur at det er ein ny vår, seier Hille.

Han har derimot lite tru på at vinteren vert så mild at han kan hauste eple til nyttår.

– Nei, det kjem nok ikkje til å skje. Desse ryk nok med frosten, seier Hille.

No også vintereple?

Han har opplevd noko liknande før, for nokre år tilbake.

– Den gongen såg det ikkje ut til at den seine bløminga fekk noko konsekvensar for neste sesong. Men vi får sjå, seier Hille.

Den vesle bygda Lærdal har lange tradisjonar på dyrking av bær, grønsaker og poteter. Lærdal er størst på poteter i Sogn og Fjordane og Hordaland, og bygda er godt kjent for tidlegpotetene sine, også kalla jordeple.

– Lærdal er mest kjent for jordeple, men kanskje blir bygda no også kjend for vintereple?

– Ja, du skal sjå det, ler Hille.

Går rett og slett i surr for planten

Hjå Norsk Institutt for Bioøkonomi, Nibio, har dei høyrt om dette før.

– Det er ikkje heilt uvanleg, iallfall ikkje for einskilde sortar. Men det går rett og slett i surr for blomen, av ein eller annan grunn, seier rådgjevar Oddmund Frøynes.

Han seier det ikkje har noko med dårleg sommarvêr å gjere, men rett og slett at det går i ball for eitt eller anna i sjølve planten.

Dette er også eit fenomen som skjer med pæretre.

– Konsekvensen er at ein knopp, som eigentleg skulle vere i dvale, vert vekt opp, seier Frøynes.