Hopp til innhold

Sjekk kva som tittar fram her!

Kalendaren syner 10. april, men i Lærdal er allereie gulrøtene på full fart opp av jorda. Rekordtidleg!

Gulrotspirene er på full veg opp

TITT TEI: Rekordtidleg planting til tross, gulrotspirene er klare til innsats. Går alt etter planen kan gulrøtene haustast i midten av juli.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Eg kan ikkje minnast at dei har vore så tidlege nokon gong, seier Per S. Hjermann.

Han har vore frukt- og grønsaksbonde i Lærdal i vel 30 år, men gav i 2007 over hovudansvaret på garden til sonen Per Hjermann. Men senior Hjermann har framleis ein finger med i alt som skjer. På garden på Stødno i Lærdal har dei drive med gulrot sidan 1970-talet. Men aldri har dei planta så tidleg som i år.

– Gulrøtene vart sette mellom 15. og 17. mars, under plast. No har dei allereie stukke opp, og det må seiast å vere rekordtidleg. Eg trur aldri vi har sett gulrøter så tidleg, seier Hjermann.

Trygt skjerma for frosten ligg 15 mål med gulrotsenger under plast.

Per Hjermann i gulrotåkeren

TIDLEG: Per Hjermann tok over garden etter faren Per S. Hjermann i 2007. Trass i at dei har produsert gulrøter sidan 1970-talet, har spirene aldri komme i jorda så tidleg som i år.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Tidlegpotetene vart sette på same dato som i fjor

Hjermann legg til at våren kom tidleg til Lærdal i år. Tidlegpotetene hamna i jorda 24. mars, noko som er nøyaktig same dato som i fjor.

– Det er tidleg i heile dalen. Mange sette tidlegpoteter før påske og la plast på. Desse skal opp før jonsok, mellom 15. og 20. juni, viss alt går etter planen, seier Hjermann.

Poteter i farta

FØR PÅSKE: Årets tidlegpoteter kom i jorda 24. mars, på nøyaktig same dato som i fjor. Så mykje har dei vakse på to og ei halv veke.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Bygda inst i Sogn har lange tradisjonar på dyrking av bær, grønsaker og poteter. Lærdal er størst på poteter i Sogn og Fjordane og Hordaland og tidlegpotetene frå Lærdal er ei populær vare.

I sesongen dekkjer lærdalslandbruket Norgesgruppen sitt marknadsbehov i bergensområdet både på tidlegpoteter og gulrot. Om lag 20 bønder i Lærdal dyrkar poteter.

Håpar på like fin sommar som i fjor

– I fjor leverte vi 120,5 tonn gulrøter, og eg vil tru det blir om lag det same i år, eller litt mindre. Sommaren i fjor var jo fantastisk, så vi kan ikkje ta det for gitt at det vert like bra i år, seier Hjermann, som nesten har det litt for travelt til å snakke om tidlegpoteter.

For no er dei i gang med å setje dei vanlege potetene også.

Mange mål

UNDER PLAST: Både tidlegpotetene og gulrøtene er planta under plast, for å verne dei mot kulden. På Stødno har dei sådd om lag 15 mål med gulrøter og omtrent like mange mål med tidlegpoteter.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Vi skal vel setje mellom 50 og 60 dekar, så det er ein jobb som skal gjerast. Men det er berre å drive på. Desse skal ikkje opp av jorda før vi nærmar oss midten av juli, seier Hjermann.