Hopp til innhold

Her haustar dei to tonn vindruer i det som kan bli Noreg sitt svar på Toscana

SOGNDAL (NRK): To tonn norske druer skal bli starten på eit norsk vineventyr. Klimaet i Indre Sogn er perfekt for dyrking av råstoffet til gylne dropar, meiner druebøndene i Sogndal.

Druehøsting, Slinde, Bjørn Bergum, Halldis Nedrebø, vin, druer, vingård

IDYLL: At druelunden ligg skrått i terrenget med fjorden nedanfor gjer det mogleg å lage den gode vinen, meiner Bjørn Bergum.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Den siste veka har vêret vore ei utfordring for å få druene i hus på Slinde i Sogndal. Gode haustingsforhold har mykje å seie for om vinen blir god.

– Det er eit problem viss dei trekker til seg for mykje vatn. Då må vi ta dei inn og tørka dei, slik at dei skal få tilbake aromaen og sukkeret, seier Bjørn Bergum, som no har hausta om lag eit av to tonn druer frå vingarden sin. Han trur klimaendringer legg betre til rette for druedyrking.

Druehøsting, Slinde, Bjørn Bergum, Halldis Nedrebø, vin, druer, vingård

I GONG MED HAUSTINGA: Halldis Nedrebø (t.v.) har fått god hjelp av vinmaker Zsuzsanna Barna, som har kome heilt frå Ungarn.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Vi må leve med at vi får både gode og dårlege år framover. Den globale oppvarminga kan nok ha ein positiv påverknad i druelunden, men berre i periodar – for her er det varierande vêr, seier Bergum.

Og det er nettopp dei store variasjonane som er utfordringa her i Noreg. Det gjelder å finne dei rette sortane til norske forhold, seier forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi, Anita Sønsteby.

– Vi har fått mildrare vårsesongar og det er vist tidlegare blomstring på dei fleste fruktartane i Noreg, så det er ein klimendring her som hjelper til. Men enkelte år er det tidleg vår, andre år er det ikkje det, og for å få gode avlingar bør det jo vere stabilt over fleire år, seier Sønsteby.

Hedra som vinbønder

I sommar vann druebøndene frå Sogn gull på ein nasjonal vinskue i Søgne og fekk tittelen «Årets vinbonde». Det syntest dei var inspirerande.

Druehøsting, Slinde, Bjørn Bergum, Halldis Nedrebø, vin, druer, vingård

​​​​​​​HAUSTINGA I GANG: Grøne og blå drue henger på rekke og rad – omkransa av vakker natur på Slinde.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Det var fantastisk. Det er eit svar på at det vi har gjort er riktig, også håper eg det kan inspirere andre til å starte med vinproduksjon. Vi har ein draum om at Sogn kan bli eit vindistrikt.

Men kva er det som gjer at ein får lage så gode vinar – så langt nord?

– Vi ligg skrått i terrenget med fjorden nedanfor, og når det er sol vert lys spegla frå fjorden og opp på druene. Då får vi dobbel sol – både frå fjorden og himmelen – og det er veldig godt for druene. Dei samlar aromastoff og sukker frå sola. Det handlar om å finne den rette plassen.

Vil lage ein ny gullvin

På Slinde har dei 1500 druestakker med grøne og blå druer. Målet er å lage ein ny vin som kan stå til gull.

– No er det solarisdruene som står og gjærar for å bli god vin, vi har 650 kilo av dei druene, seier Bjørn.

I fjor produserte dei om lag 300 kilo druer, medan i år vert det om lag 1,7 tonn. Det var meir enn planlagt, og då vert det desto meir arbeid på Bjørn og Halldis.

– Vi har heldigvis fått oss ei avstilkingsmaskin så vi slepp å reinske druene for hand i år. I fjor sat vi til langt på natt.

Druehøsting, Slinde, Bjørn Bergum, Halldis Nedrebø, vin, druer, vingård

NY MASKIN: Halldis og Bjørn har fått tak i ei avstilkingsmaskin som skal hjelpe dei med å reinske druene.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

God hjelp frå Ungarn

Halldis behandlar druene varsamt når ho klipper dei – heilt inne ved stilken, slik at heile klasen blir med, forsiktig så dei ikkje sprekk.

Druehøsting, Slinde, Bjørn Bergum, vin, druer, vingård

PÅ RETT PLASS: Bjørn Bergum er ein ivrig vindyrkar. Han håpar at det kan bli eit vindistrikt i Sogn.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Dei blå Rondodruene skal vi lage raudvin av. Dei passar godt så langt nord, fortel ho.

Med seg har Halldis eit ekstra sett med hender. Vinmaker Zsuzsanna Barna har kome heilt frå Ungarn for å hjelpe Halldis og Bjørn med å produsera den prisvinnande vinen sin.

– Eg trur at eit kaldt klima er bra for å dyrke gode druer, og eg trur at Sogn kan bli eit berømt vindistrikt, seier ho.