Hopp til innhold

Her har Sara (18) draumejobben utan mobildekning og internett

KANDAL (NRK): Ho saknar verken internett eller mobildekning. Mellom bratte fjell på Myklandsstøylen i Kandalen i Nordfjord har 18 år gamle Sara Thingnes Kandal sommarjobb som budeie.

Sara Thingnes Kandal og Mia Kandal

UT I SOMMARDAGEN: Når geitene er mjølka, går ferda oppover i dalen, der geitene beitar på dagtid. Sara Thingnes Kandal og søskenbarnet Mia Kandal leier an. Når dyra skal mjølkast om ettermiddagen, søkjer dei tilbake mot fjøsen.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Med raske steg kliv Sara over tuer og steinar. Saman med henne går søskenbarnet Mia Kandal, og bak følgjer ein ivrig geiteflokk.

Sidan klokka seks har Sara, broren Simon og søskenbarna Mia og Elena Kandal vore i fjøsen. No er alle geitene mjølka og klare for julidagen. Sara og Mia leier an – ut av fjøsdøra og oppover i den grøne dalen.

– Eg likar heile stølslivet. Det å vere i lag med dyra og å jobbe med dyra. Ein kjem vekk frå maset heime, og får ein pause frå alt, seier Sara.

Ho er 18 år og har sommarjobb som budeie i fjøsen til familien på Myklandsstøylen. Sjølv om ho er ung, har ho allereie erfaring frå stølsarbeid.

– Eg har vore her sidan eg var lita, men det er dei siste åra eg har begynt å jobbe seriøst, seier ho.

Har lært av bestemor

Frå byrjinga av juli til midten av august er Sara og familien på støylen. Kvar morgon og ettermiddag må geitene mjølkast. Også denne morgonen har Sara strødd ut fôr før nye flokkar med geiter får sleppe inn i mjølkestallen.

Sara Thingnes Kandal og Mia Kandal

VIKTIG JOBB: Morgon og kveld seks veker sommaren gjennom er det jobben til Sara Thingnes Kandal å mjølke geitene. Også broren Simon og søskenbarna Mia og Elena Kandal er med i arbeidet.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Det er eit ganske moderne system. Med dei gamle systema må du flytte mjølkarane heile tida, men her sit dei fast så du får berre mjølka maks tre-fire geiter på ein mjølkar, fortel ho.

Ho set mjølkarane på spenane, og frisk, kvit mjølk strøymer ut.

Sara seier ho har lært mykje om stølslivet av familien – foreldre, storebrør, søskenbarn – og ikkje minst av bestemor Bergfrid Kandal.

– Eg har vore her så lenge eg kan hugse, så ho har lært meg det grunnleggjande. Å kjenne om ei geit er ferdig, setje på mjølkarane og heile systemet med mjølking, å jage geitene ut og passe på dei, seier Sara.

Bergfrid Kandal og Sara Thingnes Kandal

TO GENERASJONAR BUDEIER: Bergfrid Kandal var budeie i 55 år, og er glad for at etterkomarane er interesserte i stølsdrifta. – Det er veldig kjekt. Eg er glad dei likar seg her, og får inn stølslivet, seier ho, her saman med barnebarnet Sara Thingnes Kandal.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Etterkomarane følgjer etter

Bestemor Bergfrid held til i eit sel nedanfor selet til familien Thingnes Kandal på Myklandsstøylen. Ho starta som budeie då ho var tolv år gammal, og var budeie i 55 år. Sjølv om ho har gitt seg, er ikkje sommaren den same utan å vere på støylen.

– Dyra, naturen, eg har alltid likt alt med stølslivet, seier Bergfrid, som fortel at mykje har endra seg sidan ho starta som budeie.

– Vi hadde ikkje så mange geiter, men vi mjølka for hand. Det var enklare på ein måte, men det er klart det var eit slit. Vi var berre ungar då vi begynte å hale på mjølkespanna, men vi blei sterke og var vande med hardt arbeid. Og støylen var omtrent som ein fristad.

At Sara og familien er samla på Myklandsstøylen, synest Bergfrid er kjekt.

– Eg er glad for at etterkomarane likar dette livet òg. Dei store gutane kjem her og overnattar, for her er det friskare luft å sove i. Det er moro. Selet deira er alltid fullt, trur eg, seier Bergfrid.

Fred og ro

På dagtid beitar geitene mellom bratte fjell ovanfor støylen til det er tid for kveldsmjølkinga. I mellomtida har budeiene fri og reiser heim til Kandalen. Men ettermiddagane, kveldane, nettene og morgonane er dei på Myklandsstøylen.

– Eg går på tur, speler spel, er med familien, og her kjem besøk – det er alltid mykje å gjere, seier Sara.

– Kva synest vennene dine om at du har sommarjobb som budeie?

– Det veit eg ikkje. Det er kanskje litt vanskeleg å få tak i meg, for det er ikkje internett eller mobildekning her. Eg har ei god unnskyldning for ikkje å svare, smiler ho.

Som bestemor Bergfrid likar Sara freden og roa ho finn på støylen.

– Ser du for deg at det blir fleire somrar på støylen?

– Absolutt. Slik eg ser det no, har eg lyst å vere her kvar einaste sommar framover, seier Sara Thingnes Kandal.

Sara Thingnes Kandal og Mia Kandal

FRED OG RO: Å greie seg utan internett og mobildekning, er ikkje noko problem. Sara Thingnes Kandal likar roa på støylen.

Foto: Benedikte Grov / NRK