NRK Meny
Normal

I denne bygda har nesten alle kallenamn

Du har kanskje høyrt karen i Høyanger som visste så mykje at han vart kalla «Leksikonet», og då han fekk to gutar vart dei kalla «Lommeleksikonet» og «Sjuande sans»? I industribygda er kallenamn meir vanleg enn andre stadar.

Høyanger

INDUSTRIBYGDA: I Høyanger har det alltid vore vanleg å gje kvarandre kallenamn.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Då eg gjekk i skulen så var det Daffen. Så reiste eg til sjøs, og då kalla dei meg for Høyang.

Torfinn Fimmen Fimreite

'FIMMEN': Torfinn Fimreite har hatt fleire kallenamn.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Ein gong skulle vi ned på dekk og ta imot proviant. Då skreik ein av matrosane: «Høyang, kom bort her, så skal du få sjå namnet ditt». Namnet mitt, tenkte eg, kva er det han tullar med. Då eg kom bort såg eg eit meierispann frå Høyang, der det stod Høyang på handtaket, fortel Torfinn Fimreite, betre kjend som «Fimmen» i dag.

Då han starta i yrkeslivet på Hydro vart broren kalla Fimmen.

– Så eg prøvde meg på om ikkje dei kunne kalle meg for Fimmen òg, men då kom «Langepetter» og gav beskjed. «No skal du høyre her, Daffen. Bror din heiter «Fimmen», og då kan vi kalle han for «Storefimmen» og så kallar vi deg for «Vetlefimmen»»

Men då broren døydde fekk Torfinn Fimreite kallenamnet «Fimmen».

Det var ein dei kalla for «Mort’n» og ein dei kalla for «Lyren». Ein dag så kjem «Mort’n» gåande over Sæbøtangbrua. Der treffer han «Lyren» og begge stoppar opp. «Ja ja, her står vi to fine fiskar», sa han.

«Balla» samla inn 3000 kallenamn

For ein av plassane i landet der dei har flest kallenamn, er industribygda, Høyanger. Bjarne Norevik har samla inn og systematisert heile 3000 kallenamn frå industristaden Høyanger.

Mange fleire menn enn kvinner har kallenamn i Høyanger og namna oppstod først og fremst i arbeidarklassemiljøet.

Kallenamna har oppstått ut av namnet til vedkommande, kroppslege lyter eller noko vedkommande hadde sagt.

Som Høyangergut har Norevik sjølv fått kallenamnet «Balla». Han forklarar at mange som heiter Bjarne ofte vert kalla Balle eller Balla.

– Det var identiteten min det. Til og med familien min sa Balla til meg. Så eg visste knapt at eg heitte Bjarne, fortel Balla.

Kategoriserte kallenamna

I 1979 samla han inn kallenamn frå folk som hadde gått ut av Høyanger skule i 7. klasse frå 1927 til 1978. Då fant han over 3000 namn ved å intervjue 400 informantar.

– Eg studerte og skulle lage ei hovudoppgåve på Universitetet i Bergen. Og då tenkte eg at eg måtte få samle inn alle dei kallenamna som var i Høyanger.

Kallenamna er samla inn frå folk som er fødde frå 1927 til 1978. Norevik seier at Høyanger er ein plass med spesielt mange kallenamn, men at det også eksisterte på industristader som Rjukan og Notodden.

Kallenamna har han delt inn i fire kategoriar:
1. Kjælenamn (kosenamn)
2. Tilnamn (systera)
3. Klengenamn (Tjukken)
4. Kortnamn (Alexandra blir til Alex)
Namna kan og oppstå som ei hending, utsjånad eller eigenskapane til ein person.

– Eg visste det var mange namn, men ikkje at det var så mange, og ikkje at det var så variert. Det var utruleg moro å drive på med, fortel Norevik som brukte nesten eitt år på å samla inn alle namna.

Løfta på tomsekken – fekk kallenamn

80 prosent av namna har kome i løpet av skuletida eller då dei var barn.

«Balla» har mange eksempel. Halvparten av dei er av typen veldig merkelege, som han sjølv seier.

  • Tivorten – han hadde mange vorter
  • Gaddikken – han var ein som ikkje gadd noko
  • Kveitagnet – kona var stor og rørsleg og Kveitagnet var liten og lett
  • Tomsekken – han hadde løfta på tomsekken og den var så lett at den var lett som ein tomsekk, kunne han fortelje

Grunnen til at det vart så mange kallenamn i Høyanger forklarar "Balla" med at det er og var ein typisk industristad, geografien, bytype, tett med folk, einsidig industri og eit klassesamfunn.

Mange av namna er ikkje så fine heller. Dette er eksempel på namn som ikkje blei sagt til folk, men berre om folk.
– Beinmusa, Olarukuk, Rubollen, Dassmora, Pikken, Hestebollen, Vandrepokalen, Glade enke og Nattens dronning.

– Eg har inntrykk av at det framleis er mange kallenamn der inne. For mange er det ein identitet med namnet, sjølv om det er godt eller dårleg. Og det er betre med eit dårleg namn enn å ikkje ha noko namn.

Flest gutar med kallenamn

– Det var ein dei kalla for «Mort’n» og ein dei kalla for «Lyren». Ein dag så kjem «Mort’n» gåande over Sæbøtangbrua. Der treffer han «Lyren» og begge stoppar opp. «Ja ja, her står vi to fine fiskar».

Det er Olav Øye på Eldresenteret i Høyanger som fortel.

– Før i tida var det sjeldan at du slapp unna. Anten fekk du eit namn eller så gjekk du fri, men som regel var det sjeldan at du gjekk fri, ler Olav Øye.

Eit kallenamn har han også, for han har heile tida blitt kalla «Olemann».

– Einaste som brukte namnet Olav, det var mor mi, og det lydde eg. Men viss andre ropte Olav, så lydde eg ikkje, fortel «Olemann».

Som regel så hadde dei eit namn på kvar einaste av gutane, medan jentene slapp som regel unna.

– Det var vel ikkje så populært å kalle jentene, for da trong du ikkje komme der meir, fortel «Olemann».

Sjølv er han gift med ei som vart kalla for «Tuppa». Årsaka til kallenamnet hennar var at dei hadde høns då ho var yngre.
– Og når ho skulle gje dei mat sa ho alltid «tuppa, tuppa, tuppa», og då fekk ho det namnet.

– Syntest ho det var greitt å bli kalla Tuppa?

– Eg trur ikkje ho tok det så tungt. Men vi var vekke frå Høyanger i over 20 år og budde i Årdal. Då vi kom tilbake, var det første ho fekk høyre av ei litt eldre dame, det var «Ke går det, Tuppa?» Men elles så har ho ikkje teke det så tungt.

I Årdal opplevde han ikkje same kulturen for kallenamn som dei har i Høyanger. Sjølv om det fanst nokre, var det på langt nær så utprega som i heimbygda.

Bibbi, Besta, Tobba og Bitten

Høyangerdamene, Alvhild Gudvangen, Lilly Slinde og Ester Sagen Olsen, kan også hugse at damene hadde kallenamn. Praten går mellom damene på eldresenteret.

– Vi veit om nokre få. Lollen var ei, Tobba var ei og Vesla og Bitten.

– Og så hadde vi jo ei på Eides Hotel, Bibbi, som eigentleg heitte Gjertrud. Og ei stund sa dei Bebi. Men det var vel ho sjølv som sa.

– Var det nokon av dykk som hadde kallenamn?

Det hadde vi ikkje fortalt. Nei, ingen som vi veit om her, ler damene.

Ester fekk du noko kallenamn?

– Ja, Besta, men det var ikkje lenge, ler ho.

– Mannen min kalla dei for lynet. Han spelte fotball og sprang veldig fort.

– Då eg kom til Høyanger, visste eg ikkje kva folk heitte for dei hadde berre kallenamn alle saman.

Det kom ein gong ein mann som spurde etter ein som heitte Kvam. Då ho høyrde det, så sa ho: «Åja, då er det Villvesten du skal til». For det var berre kallenamna som vart brukt. Folk var jo meir kjende under dei namna enn dei opprinnlege namna.

Damene på Eldresenteret i Høyanger

FÅ NAMN BLANT DAMENE: Det er heller få av damene i Høyanger som har kallenamn.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.