NRK Meny
Normal

Her hamna føraren og gravemaskina

Føraren av gravemaskina må til lege etter at maskina velta fleire meter.

gravemaskin

USKADD ETTER VELT: Føraren krabba ut av gravemaskina og er uskadd.

Foto: STATENS VEGVESEN

Gravemaskina velta under rivingsarbeid på riksveg 55 ved Fardal i morgontimane på måndag. Det var Sogn Avis som først omtalte saka.

– Ved rivinga hengte piggen på maskina seg fast, samtidig som brua fall ned. Maskina stod på land, men brua drog den med seg, seier byggeleiar i Statens vegvesen, Jan Ole Liljedal.

Inne i gravemaskina sat sjåføren som måtte krabbe ut. Fallet var på to til tre meter.

– Sjåføren var oppegåande. Han blei sendt til legen for ein sjekk.

Ein kranbil skal fjerne maskina og Statens vegvesen skal no evaluere hendinga.

– Vi skal ta ein runde på kva som har skjedd, og kva vi kan gjere for å unngå sånne ulukker.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.