Hopp til innhold

Her gjer dei seg klare for siger - følg kampen direkte i nett-TV

Laurdag møter Sogndal Molde på Aker Stadion, og supporterklubben har trua på siger.

Saftkokarane klare til MFK-SIL

GLER SEG: Det er duka for spenning når Sogndal vitjar Molde på Aker Stadion.

Foto: privat

På ein sportsklubb i Molde samlast dei alle, både Sogndal- og Moldesupporterar, før dagens kamp.

– Eg ser veldig fram til denne kampen, med spenning og forventning til siger, seier Anne Kari Hagen i Saftkokaradn.

Laster innhold, vennligst vent..

Vann i fjor – kan vinne igjen

Førre veke tapte Sogndal 1–4 mot Viking i cupen, men Hagen har tru på at Sogndal kan klare å gjere det langt betre mot Molde.

– Vi har no spelt ganske jamne kampar mot Molde tidlegare, så eg ser vel på det slik at det kan vippe begge vegar.

Trur du på siger?

– Eg trur vi kan vinne i dag. Vi vann i fjor, og eg ser ikkje på sjansane som noko spesielt mindre i år. Vi har hatt ein veldig bra slutt på vårsesongen, så klarar vi å liggje på det nivået no så er det ein heilt klar moglegheit til å slå Molde i dag.

Sogndal ligg på 9. plass på tabellen med 18 poeng og 13 kampar spelt framfor dagens kamp.

HER ER LAGET TIL SOGNDAL MOT MOLDE:

Mathias Dyngeland, Bjørn Inge Utvik, Hannu Patronen, Gustav Valsvik, Ruben Holsæter, Rune Bolseth, Helge Haugen, Petter Strand, Taijo Teniste, Tim Nilsen, Mahatma Otoo.

På benken: Erik Dahlin, Logi Valgardsson, Runar Heggestad, Truls Hovland, Tonny Brochmann, Martin Trøen, Kristian Fardal Opseth.

– God stemning i Molde

Det å vere Sogndalsupportar i Molde er ekstra kjekt, kan Hagen slå fast.

– Det er utruleg godt stemning her. Vi har veldig god kontakt med supporterane, spesielt Tornekrattet, så det å komme til Molde det er alltid kjekt.

Og sjølv om dei er langt færre supporterar har Hagen planar om å brøle godt frå seg.

– Vi er ein liten supporterklubb, så det å ha heiarop på høgde med Tornekrattet og klanen og andre store bylag, det er ikkje så lett. Vi må berre køyre vår greie på det å rope det vi kan, og synge det vi kan.

Vil ha offensivt spel

Oppskrifta til siger i dag er offensivt spel, meiner supporteren.

– Eg trur dei må tore å vere trygge på seg sjølve, slik at dei klarar å spele offensiv fotball. Det å leggje seg bak og liggje å vente på ei kontring mot Molde, trur eg ikkje er rette taktikken. Så eg håpar Jonas Olsson har fått i gang ein offensiv fotball, og det er jo sjølvsagt også det vi likar å sjå.