Hopp til innhold

Her forskar dei meir enn nokon gong

Aldri før har det blitt forska så mykje på helse i fylket, som det har vore dei siste åra.

Førde sentralsjukehus 8

AUKAR: Ressursbruken på forsking er sjudobla etter Helse Førde og Høgskulen oppretta ei felles forskingsavdeling.

Etter at Helse Førde og Høgskulen slo seg saman i 2008 og laga ei felles forskingsavdeling, seier Marit Solheim, leiar i Senteret for helseforsking i fylket, at forskinga har gått rett veg.

– Både internt i organisasjonane våre, og ved hjelp av eksterne midlar, har vi fått auka inntekta på forsking. Om nokre år fører det også til auka forskingsresultat, seier ho.

Kraftig auke

Sidan 2007 har ressursbruken auka frå i underkant av ein million kroner, til kring sju millionar kroner. I Helse Førde er det for tida registrert 30 forskingsprosjekt, fordelt om lag likt på kvar klinikk. Sidan 2009 har det kome inn mellom åtte og 12 søknader til forskingsmidlar.

Spesielt innan forsking på sjukleg overvekt har helseføretaket markert seg sterkt.

– Korleis vil forskinga kome folk i Sogn og Fjordane til gode?

– For det første er det noko å vite om korleis stoda er her. Når det gjeld overvekt, så har vi det lengstvarande kvalitetsregisteret i Norge. Det kjem pasientane som er opererte her, behandla her og elles i landet, til gode, seier Solheim.

– Må utviklast

«Skrytelista» inneheld mellom anna ei avlagd doktorgrad, ti artiklar er publisert i det nasjonale registreringsprogrammet Cristin og samarbeid både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Alle prosjekt har publisert eller fått akseptert artiklar.

Administrerande direktør Jon Bolstad meiner Helse Førde no er komne i ein fase der forskingsaktiviteten både må konsoliderast og utviklast.

Han ynskjer i 2013 å gjennomføre ein prosess som skal ende opp med ein delplan for forsking, der utviklingsretninga blir peika ut.