Her fjernar dei farleg is langs vegen med ei eitt tonn tung kule

Det brå mildvêret over Sør-Noreg har gjort isen langs vegane livsfarleg. I dag blei det brukt ei eitt tonn tung knusekule for å slå ned isen.

TUNG SKYTS: Helikopterselskapet Airlift blei onsdag leigd inn for å få slått ned store istappar som var til fare for dei reisande langs E39.

– Den brå temperaturendringa, regn og vind gjer at faren for det skal rase ned tung snø og masse is langs både hovudvegar og andre vegar, fortel trafikkoperatør Tore Tysse i Statens vegvesen.

I ettermiddag tok dei i bruk helikopter med ei eitt tonn tung kule under for å få fjerna isen langs sterkt trafikkerte E39 mellom Førde og Sande i Gaular.

– Vi satsar no på at alle entreprenørane våre følgjer med og får fjerna mest mogleg av den farlege isen, opplyser Tysse.

Frå vinterkulde og minusgrader har temperaturen stige kraftig fleire stadar i Sør-Noreg. I Sogn og Fjordane var det nær ti plussgrader, då smeltar isen fort. Det har også regna heilt opp i 1200 meter over havet, noko som aukar faren for snøskred.

– Det ser ut for den milde vêrsituasjonen vil halde fram heilt til fredag kveld, seier Anne Hesby Palm til NRK.

Statens vegvesen har i dag fått meldingar om at det har rasa is ned i vegbana fleire stadar. Ikkje minst gjeld dette stadar med høge og stupbratte vegskjeringar.

Onsdag har det vore til dels kaos på fleire vegstrekningar i Sør-Noreg, ikkje minst på E16 over Filefjell. Der stod fleire vogntog bom fast.

Fysikaren Andreas Wahl har tidlegare testa korleis knusekula til Airlift fungerer.