Hopp til innhold

Her finn dei internasjonale kunstnarane inspirasjon

DALE (NRK): Kunstnarar frå heile verda er samla i Dale på studieopphald. Felles for dei alle er at dei søker inspirasjon i naturen.

Andrés Felipe Castaño

SKAL LAGE KORTFILM: Andrés Felipe Castaño frå Colombia skal lage kortfilm under opphaldet sitt i Dale.

Emaan Shaikh frå Pakistan står i atelieret og viser fram ei teikning som skal førestille sandkorna av ein knust stein. Ho er ein av fem kunstnarar frå ulike stader i verda som dei siste månadene har vore på studieopphald på Dalsåsen.

Dette nordiske kunstnarsenteret i Dale oppfordrar til internasjonal kontakt mellom kunstnarar frå ulike nasjonar.

– Eg tar utgangspunkt i naturen når eg skal lage kunst. Ut frå det eg finn der, prøver eg å skape mine eigne landskap, seier Shaikh.

Emaan Shaikh

STUDIEOPPHALD: Emaan Shaikh frå Pakistan er på studieopphald på Dalsåsen.

Lagar kortfilm om zombiar

– Eg har fått mykje inspirasjon her, spesielt trea og tåka. Tåke er ein av mine største inspirasjonskjelder, og kvar morgon har den jo ulik form og farge, seier ho.

At naturen er inspirasjon er også felles for dei andre kunstnarane på opphaldet. I arbeidsrommet ved sidan av står colombianske Andrés Felipe Castaño og fargelegg eit bilete. Han skal lage ein kortfilm og planlegg scenane.

– Kortfilmen ser på forholdet mellom landskapet her, og tropiske landskap. Eg skal plassere ein zombie i dette miljøet og ideen om zombiar veks ofte fram i karibiske kulturar, som ein person utan identitet. Filmen min skal handle om kva som skjer dersom ein slik figur hamnar i dette området.

– Å bu i Dale har vore å bu langt vekk frå alt, men også langt frå kaos, seier Castaño.

– Følte meg utanfor alt

Han vart fødd i Colombia, men bur no i ein av verdas største byar, Mexico City. Kontrastane frå heimstaden kunne nesten ikkje vore større.

– I byrjinga følte eg meg utanfor alt. Det var vanskeleg med kulden og at det var så stille her. Men samstundes gjer dette at eg har tid til å gå tur i skogen og det er det som er så fint med dette opphaldet.

– Å trekke seg tilbake og oppsøke einsemda er viktig for å finne inspirasjon. Eit slikt mellomrom i livet er motiverande.