Hopp til innhold

Her er soppeksperten sine enkle sopptips

Dersom ein lærer seg nokre gode matsoppar og nokre av dei giftige soppane, kan ein gå trygt i skogen.

Harald Eriksen, soppkontrollør i Sunnfjord

SKATTAR OG FARER: Ein kan finne mykje snadder under trea i skogen i desse dagar. Men ein skal vere vaken, for nokre av artane kan vere veldig skadelege.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Mange ulike typar sopp har dukka opp i skogen, nokre er nydelege matsoppar, medan andre er dødeleg giftige. Derfor er det svært viktig å vite kva ein fyller korga med når ein skal på sopptur.

Harald Eriksen er soppkontrollør, og det viktigaste han gjer er å gi råd om kva sopp som kan brukast til mat, og kva som absolutt ikkje skal etast. For nokre soppartar er veldig giftige.

– Dersom ein er i tvil om ein sopp er etande, er det viktig at den ikkje er i kontakt med matsopp før ein har sjekka om den er etande eller ikkje, seier han.

Spiss giftslørsopp

GIFTIG: Spiss giftslørsopp er den farlegaste soppen i våre skogar. Berre éin bit av denne soppen kan øydelegge nyrene for resten av livet.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Dei snille og vonde soppane, kvar for seg

Eriksen meiner at dersom ein lærer seg nokre gode matsoppar og nokre av dei giftige soppane, kan ein gå trygt i skogen.

Ein av dei farlegaste soppane ein kan finne er spiss giftslørsopp. Den skal ikkje blandast med sopp ein har tenkt å ete.

– Viss ein spiss giftslørsopp har vore i kontakt med anna sopp i ei soppkorg, skal ein kaste ut alt i korga. Så farleg er den. Ein liten bit av den, så kan ein øydelegge nyrene for resten av livet.

Eriksen rår alle til å ha ein eigen papirpose til sopp ein ikkje kjenner.

– Brune soppar generelt, skal ein halde eg unna. Brune skivesoppar, spesielt dei som har ein pukkel på seg. Kvit flugesopp er giftig, det er òg den grøne flugesoppen.

Soppkontrollør Harald Eriksen snakkar om kantarellen.

SJÅ VIDEO: Harald Eriksen forklarer korleis ein lett kan kjenne att ein kantarell. (Foto: Gro Ravnestad)

– Sopp må ha tre og tre må ha sopp

Kantarellen er kanskje den soppen som er lettast å kjenne att, og den sikraste for mange, dersom ein er redd for å plukke med seg noko feil.

– Fargen gjer at den ikkje er vanskeleg å oppdage, men av og til står den under mosen. Ein ser gjerne berre så vidt at noko gult viser, og då må ein grave litt. Då kan ein finne mykje, seier han.

Og med kantarellen som med anna sopp – tips nummer éin for å finne soppen er skog.

– For å finne kantarell, må ein ha ein skog. Kantarellen lever med treet, sopp må ha tre og tre må ha sopp.

Det viktigaste og enklaste tipset han har til dei som vil prøve seg på soppjakt i skogen er:

– Plukk nokre få artar, kantarell, piggsopp og traktekantarell, og lær dei. Ta dei med heim og undersøk dei skikkeleg. Og når ein veit at ein har funne dei rette artane, då kan ein ete, seier soppkontrolløren.

Harald Eriksen forklarer korleis ein lett kan kjenne att ein traktkantarell

SJÅ VIDEO: Traktkantarellen har ei spesiell form, og eit veldig passande namn på latin. (Foto: Gro Ravnestad)