Hopp til innhold

Her er påskequizen for 14. april

Kanskje er du allereie byrja på påskeferien? Og kanskje det freistar med å teste dei små grå på nokre påskenøtter? Her kjem ein liten føresmak på årets påskequiz.

Bilete til påskequizen 2019
Foto: Scanpix/NRK/Anre Walaker Mørkrid/Privat/Sogn Brann og Redning

For også i år vil NRK Sogn og Fjordane servere deg ein quiz, med lette og vanskelege spørsmål frå det som har skjedd i, og med folk frå, fylket vårt sidan nyttår.

Quizen i dag blir ein liten prøvesmak på kva som ventar i ei veke frå tysdag 16. april. Svarer du rett, er du likevel med i trekninga om den gjævaste premien - ein DAB-radio.

Du er også med i den daglege trekninga av eit NRK-krus med noko godt oppi.

I kvart svar ber vi om ein bokstav. Svarer du rett på alle spørsmål, skal du stå att med eitt løysingsord. Dette ordet sender du inn nedst i artikkelen.

Det er verd å merke seg at fristen for å levere inn svar er klokka 23:59 den dagen quizen er lagt ut.

Så kvess blyanten, finn fram papir og viskelêr. Påskequizen 2019 er i gang:

Spørsmål

  1. I to år har Børje Møster budd i båt og jobba dugnad mellom Oslo til Tromsø. Kva er det han, og fleire med han, har reinska opp frå både hav og strender langs norskekysten? Vi skal fram til første bokstav.
  2. Til hausten er det duka for både fylkesting- og kommunestyreval, og med det følgjer det listetoppar for både lokallag og fylkeslag. Vi skal ha tredje bokstav i etternamnet til ein av desse. Nemleg Arbeidarpartiet sin listetopp i Nye Sogndal kommune.
  3. «Nordmenn er fødde med ski på beina, men ikkje i Lærdal», skreiv NRK i februar då vi omtala det som må kallast folkesporten i sognekommunen. I nær 70 år har spesielt ein idrett engasjert mange små og store lærdølar. Kva sport? Vi skal fram til første bokstav.
  4. Far og son Lyng frå Måløy har lansert ein automat som verkeleg ser ut til å slå an i Asia. Til sommaren håpar dei å ha kring 100 av denne på undergrunnsbaner, busstasjonar og bensinstasjonar. Kva fisk får du kjøpt i automaten? Her treng vi tredje bokstav.
  5. Arve Uglum, Else Michelet, Ragnhild Sælthun Fjørtoft, P3morgen og Supernytt har alle ein språkpris i felles. Kven sin språkpris? Vi skal ha den 16. bokstaven.
  6. Eid-ordførar Alfred Bjørlo tok det ikkje særskilt tungt å bli kalla «psykopat» av venstreleiar Trine Skei Grande. I staden fekk han trykt opp ein genser, med emneknagg (#) og eit ord. Kva ord stod bak emneknaggen? Her skal vi ha sjuende bokstav.
  7. Anne Kristin Førde (54) håpar å kunne bli den første kvinnelege ordføraren i ein kommune her i fylket. Kva kommune? Vi skal ha andre bokstaven.
  8. Manusforfattarane bak humorsuksessen «Magnus» reiste til Hyllestad for å finne inspirasjon til serien. Men kvar i kommunen sat dei i dagevis og tenkte ut heile sesongen? Vi skal fram til andre bokstav.
  9. Politiet er nok meir kjende for å lure i buskene langs vegane, enn å måle farten i akebakkane. Men i februar var det akkurat det politibetjentane Sunniva Bruland og André Norevik gjorde. Til kva akebakke i Askvoll rykte politiet ut til med blålys og sirener? Vi treng første bokstav.

Saka er oppdatert. Det hadde diverre snike seg inn ein feil.