Hopp til innhold

Her er påskequizen for 21. april

Det nærmar seg slutten på påskeferien, men kanskje vi framleis kan freiste med å teste dei små grå? Her er NRK Sogn og Fjordane sin påskequiz 2019.

Bilete til påskequizen 2019
Foto: Scanpix/NRK/Anre Walaker Mørkrid/Privat/Sogn Brann og Redning

For også i år har NRK Sogn og Fjordane servert påskequiz, med lette og vanskelege spørsmål frå det som har skjedd i, og med folk frå, fylket vårt sidan nyttår.

Kvar dag i påska trekkjer vi ut ein heldig vinnar av eit NRK-krus med noko godt oppi. Alle som leverer rett svar i løpet av påska er med i trekninga om ein DAB-radio.

For kvart spørsmål samlar du deg opp bokstavar, som vi spør etter. Desse bokstavane blir til saman det daglege løysingsordet vi skal fram til. Ordet har, på ein eller annan måte, noko med påske å gjere. Løysingsordet du kjem fram til sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Det er verd å merke seg at fristen for å levere inn svar er klokka 23:59 den dagen quizen er lagt ut.

Så kvess blyanten, finn fram papir og viskelêr. Og løys gjerne oppgåvene saman med andre.

Spørsmål

  1. 40-årskrisa vart ikkje tatovering og Harley for Ole Petter Heggestad. I staden leia eitt bilete frå Tyrkia seljaren frå Sogndal på nye vegar. Kva jobbar han som i Middelhavet? Vi skal ha femte bokstav.
  2. Ein sogndøl fekk jobben som hovudtrenar for 2. divisjonsklubben FK Mjølner i vinter. Trenaren som har ti års erfaring frå Sogndal Fotball, var mellom anna trenar for juniorlaget som i fjor vart både norske og skandinaviske meistrar. Han heiter Hatle til etternamn, men kva er førenamnet? Vi skal fram til andre bokstav.
  3. Venstre-topp Guri Melby vart ikkje akkurat møtt med jubel då ho kom med eit framlegg til kva pelsdyrbøndene kan omstille seg til. – Eit tarveleg forslag, meinte ein mangeårig pelsdyrbonde. Kva plante føreslo Melby at bøndene kunne byrje å dyrke fram? Vi skal ha åttande bokstav.
  4. Med eit lokalt motiv klatra Vegard Aasen nesten heilt til topps i fotokonkurransen «X Games Zoom» på nyåret. Vi vil vite kvar sogndølen, som også tidlegare har gjort seg godt synleg innan sport- og ekstremsportfoto, fann motivet sitt? Her skal vi ha sjette bokstav.
  5. For å sleppe til ungdomen ofra høgrepolitikaren frå Stryn fjerdeplassen sin på lista til kommunestyrevalet i haust. Ho heiter Sonja til førenamn, men kva er etternamnet? Vi skal ha fjerde bokstav.
  6. Bærdyrkarane Finn Drageset og Karin Kleppe har ambisjonen klar. Innan 17. mai vil dei ha dyrka fram seks tonn av eit spesielt bær. Kva bær? Skal du klare dagens løysingsord, treng du fjerde bokstav.
  7. Ved ein sjukeheim i fylket har dei teke på alvor kravet om nye smakar på bordet. Her har dei nemlig lagt ned forbod mot ferdigmat. Kva kommune skal vi til? Vi skal ha femte bokstav.
  8. Sauesanking i februar er det ikkje mange som har opplevd, men det gjorde Steinar Mørkrid. For då Pål Ragnar Paulsen frå Lom skulle hente heim sauene i fjor haust, var seks tydelegvis klare for meir eventyr. I kva dal i Luster har sauene halde seg i live gjennom vinteren? Her treng vi første bokstav.