Hopp til innhold

Her er påskequizen for 22. april

Det er duka for dei aller siste av årets påskenøtter frå NRK Sogn og Fjordane. Og siste sjanse til å sikre seg eit NRK-krus og eit lodd i årets hovudpremie.

Bilete til påskequizen 2019
Foto: Scanpix/NRK/Anre Walaker Mørkrid/Privat/Sogn Brann og Redning

For også i år har NRK Sogn og Fjordane servert ein quiz, med lette og vanskelege spørsmål frå det som har skjedd i, og med folk frå, fylket vårt sidan nyttår.

Kvar dag i påska har vi trekt ut ein heldig vinnar av eit NRK-krus med noko godt oppi. Alle som leverer rett svar i løpet av påska er også med i trekninga om ein DAB-radio.

For kvart spørsmål samlar du deg opp bokstavar, som vi spør etter. Desse bokstavane blir til saman det daglege løysingsordet vi skal fram til. Ordet har, på ein eller annan måte, noko med påske å gjere. Løysingsordet du kjem fram til sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Det er verd å merke seg at fristen for å levere inn siste svar på årets påskequiz er klokka 23:59.

Så kvess blyanten, finn fram papir og viskelêr. Og løys gjerne oppgåvene saman med andre.

Spørsmål

  1. Ni av kommunane i fylket har det allereie, men no har også Gulen, Hyllestad, Aurland, Lærdal, Fjaler, Bremanger og Selje søkt om å få det. Kva utsal skal vi fram til? Vi skal ha åttande bokstav.
  2. Ole Martin, Erdal, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø var tre av fire skiskyttarar som gjekk Sogn og Fjordane inn til gull under NM-stafetten i skiskyting i slutten av månaden. Kva er andre bokstav i førenamnet til den fjerde skiskyttaren?
  3. For andre gang byrja ein lastebil å brenne i ein tunnel her i fylket som det var vegarbeid i. Det same skjedde også i 2017. I kva tunnel? Og kva er niande bokstav?
  4. Sogn og Fjordane fylkeskommune har vunne milliardstriden mot ein kraftgigant både i tingretten og lagmannsretten. Striden står om retten til å overføre kraftaksjar til kommunane i fylket. Kva er andre bokstav i forkortinga til motparten i saka?
  5. Ein kan vel kanskje ikkje kalle Frank Willy Djuvik eit idrettstalent, men gjennom mobilspelet «Clash of Clans» kvalifiserte Frp-politikaren seg for ei internasjonal sportsturnering. Sportsgreina blir omfavna av dei meir tradisjonelle idrettslaga, men kva kallar vi den? Og kva er første bokstav?
  6. I løpet av ei veke var sogndølen Johan Hove med på å spele Noreg til sommarens G19-EM i fotball, og scora sitt første mål i eliteserien. For kva klubb spelar 18-åringen? Vi skal ha 11. bokstav.
  7. Fleire, mellom andre Kristian Jørgensen i Fjord Noreg, vil ha slutt på ein omstridd praksis i turistnæringa. For fleire suvernirbutikkar betalar provisjon dersom dei får besøk av busslaster med turistar. Kven får denne provisjonen? Vi skal ha første bokstav.
  8. Vikingbyen har halde ope sin første vintersesong. Gjennom vinteren har dei hatt ses tilsette i sving på fulltid, og turistane har visst å nytte seg av det tilbodet. Kvar i ein kjend reiselivskommune finn ein denne Vikingbyen? Også her skal vi fram til første bokstav.