Hopp til innhold

Her er nettleiga blant dei høgste i landet – kraftselskap håpar på endring frå nyttår

Den nye regjeringa vil sjå på tiltak for å jamne ut nettleiga. I kraftfylket Sogn og Fjordane håpar energiselskapet SFE at kundane deira kan få lågare straumrekning alt frå årsskiftet.

Sogn og Fjordane Energi

JOBBAR FOR UTJAMNING: Kraftselskapet Sogn og Fjordane Energi har ønskt ei utjamning av nettleiga i mange år. – Vi har saka høgt på agendaen i respekt for kundane våre. Vi synest dagens ordning er feil for både næring og hushald i vårt fylke, seier Asgeir Aase, som er konserndirektør nett.

Foto: Eikeseth Nygjerd Fotografi

Straumprisane er spådd å bli høgare i år enn på mange år, men for enkelte svir rekninga ekstra kraftig. Det er nemleg store forskjellar i kva folk betaler i nettleige her i landet. Tal frå NVE syner at Sogn og Fjordane er blant fylka der hushalda må betale mest i nettleige per kilowattime.

I den politiske plattforma til den nye firepartiregjeringa står det at dei vil: Greie ut og fremje tiltak for å jamne ut nettleiga for alle forbrukarar gjennom eit mest mogleg effektivt organisert straumnett.

I Sogn og Fjordane har kraftselskapet SFE jobba for ei slik utjamning i mange år, fortel konserndirektør nett, Asgeir Aase. Han ser optimistisk på regjeringsløftet.

– Vi synest det er ei god formulering. Den er konkret og den pliktar når det gjeld å greie ut modellar.

Asgeir Aase

STORE SKILNADER: – Nasjonalt mellom dei billegaste og dyraste er det ein forskjell på ca. 35 øre. Her i fylket er det typisk bortimot 50 prosent dyrare kontra dei som er billige. Så det er mykje, fortel konserndirektør i SFE, Asgeir Aase.

Foto: Johan Moen / NRK

Aase har håp om at mykje vil kunne vere på plass alt til årsskiftet 2019/2020:

– Vi må ha grunn til å tru at dette blir greidd ut i løpet av første halvår. Slik sett burde det ligge rette for å på plass ei ordning frå komande nyttår.

Ein marsjordre

Utjamning av nettleige har vore ei fanesak for stortingsrepresentant Tore Storehaug og KrF. Men han vil ikkje spå når ei faktisk kan endring kan kome.

– Dette er jo ein marsjordre til meg om å brette opp ermene og sørge for at dette blir levert på. Når det ligg eit vedtak i statsbudsjettet om at ein skal greie ut alternative modellar, er det naturleg at det er eit arbeid som blir påbegynt og kjem i til dømes neste års statsbudsjett, seier Storehaug.

Tore Storehaug

FANESAK: Utjamning av nettleige er ei viktig sak for KrF og stortingsrepresentant Tore Storehaug.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Så er det òg ein jobb å klare å vinne gjennom med synspunkta vi har om at det trengst politiske verkemiddel for å syte for at kostnadene blir likare.

Ikkje imponert

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Sp, Sigurd Reksnes, er ikkje like imponert over regjeringsplattforma.

– Formuleringa er svakare og mindre forpliktande enn Stortinget tidlegare har vedteke, seier Reksnes.

Senterpartiet vil ha lik nettleige i heile landet, og Reksnes meiner ei slik formulering burde vore med.

Storehaug er heilt usamd i at regjeringsplattforma er svakare.

– Stortinget har vedteke at ein skal ha ei utgreiing av alternative modellar. Vi seier det, og at det skal kome på plass tiltak.

– To viktige ord har kome inn sidan førre vedtak, det at ein skal fremje tiltak. Det tolkar eg som ein ordre til å få på plass endringar som forhåpentlegvis skal gjere til at nettleiga går ned på område som i dag har dei høgste kostnadane.

Kan spare 5000 kroner i året

Det finst fleire ulike modellar for korleis nettleige kan jamnast ut. Med ein modell tilsvarande ein SFE har sett på, kan dette bety 5000 kroner innspart årleg for ein vanleg husstand.

«Total systemfeil» kallar Asgeir Aase systemet slik det er i dag.

– SFE har aleine investert cirka 800 millionar kroner i nett for ny fornybar energi, som i hovudsak blir betalt av kundane våre. Så ordninga per i dag er feil, urettferdig og bør absolutt endrast.