Hopp til innhold

Her er Malene i mål etter å ha sprunge 20 000 høgdemeter

300 kilometer og 20 000 høgdemeter på seks dagar. Malene Blikken Haukøy har lagt bak seg ei rute som ingen har sprunge tidlegare.

Malene Blikken Haukøy

I MÅL: Malene Blikken Haukøy hadde bestemt at Portvika i Hyllestad skulle vere endestoppet for løpeturen.

Foto: Håvard Nesbø

For ein månad sidan sette ho verdsrekord på randoneeski, då ho gjekk 15 500 høgdemeter på 24 timar. Denne veka har Malene Blikken Haukøy sprunge Sognefjorden på langs på toppane og lagt bak seg 300 kilometer og 20 000 høgdemeter.

27-åringen frå Høyanger likar å presse grensene til det mest ekstreme.

– Då beina var frykteleg tunge, knea og anklane verka og det rett og slett gjorde vondt, då tenkte eg at eg angra, seier ho.

Malene Blikken Haukøy

SISTE MOTBAKKE: Malene Blikken Haukøy på veg opp på det siste fjellet, Lihesten i Hyllestad.

Foto: Håvard Nesbø

Eit hårete mål

Sognefjorden på langs var eit prosjekt Haukøy hadde hatt i tankane lenge.

– Det er den fysiske utfordringa som driv meg. Eg hadde lyst til å gjere noko ingen andre hadde gjort før. Eg likar å setje meg hårete mål og prøve å nå dei.

Løpeturen starta i Skjolden, inst i Sognefjorden, måndag morgon. Laurdag ettermiddag kom ho fram til endestoppet i Leirvik i Hyllestad.

– Den følelsen var heilt ubeskriveleg. Den vil eg ha med meg resten av livet, seier Haukøy.

Sprang for mor si med MS

Då Haukøy var tenåring, vart mor hennar råka av MS. Haukøy har alltid ønskt å gi noko tilbake til MS-forbundet, som ho meiner fortener ekstra merksemd for jobben dei gjer.

– Dei har teke så godt vare på mamma, og gitt ho moglegheit til å framleis nyte naturen slik som meg. Difor ville eg samle inn pengar til dei gjennom dette prosjektet.

Gro Blikken og Malene Haukøy Blikken

TURVENNER: Mora, Gro Blikken, vart råka av MS, då Haukøy var tenåring.

Foto: Privat


Mora, Gro Blikken, var med å heia Haukøy fram fleire stadar undervegs i løpet, og stilte med champagne og kake då ho kom i mål.

– Å setje i gang noko som er større enn seg sjølv og gjere noko for andre, det har vore ein motivasjon. Nokon gonger undervegs, då det var skikkeleg ille, tenkte eg på at mange har det veldig mykje verre enn meg, og at eg er heldig som kan springe, seier Haukøy.

Ho hadde sett seg eit mål om å samle inn 15 000 kroner, men fekk til slutt inn 30 000. Det var meir enn ho torde å håpe på.

Ikkje aktuelt å bryte

Løpet vart tyngre enn Haukøy hadde sett for seg. Tre av dei seks dagane, sprang ho i over ti timar.

– Det har vore mykje tøffare enn eg trudde det skulle vere. Det var for det meste fysisk tungt, men det går jo utover det mentale. Eg tenkte mange gonger undervegs at eg angra, men aldri at eg ville bryte.

No tek Haukøy ferie og nokre vekers pause frå springinga. Førebels har ho ikkje nye prosjekt i tankane.

– Men eg kjenner meg sjølv så pass godt, at eg gjer kanskje noko liknande på sikt.

Malene Blikken Haukøy

SOGNEFJORDEN: Malene Blikken Haukøy kjem frå Kyrkjebø i Høyanger, som ligg ved Sognefjorden.

Foto: Håvard Nesbø