Hopp til innhold

Her er han i ferd med å overraske alle

BYRKJELO (NRK): Då ein skade sette ein stoppar for fotballen, valde Vincent Sondre Førde (17) å prøve seg på friidrett. Eitt år seinare tok han ein heilt uventa medalje i junior-NM.

Vincent Sondre Førde mot medalje på 3000 meter hinder

NERVØS: Vincent Sondre Førde var så nervøs at han ikkje klarte å få i seg mat. Men kreftene heldt til NM-bronse på 3000 meter hinder.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er det råaste eg har sett. Eg visste at han var sterk, men dette...

Orda kjem frå Nils Ove Roset, som det siste året har trent kondisjonstalentet frå Svelgen.

Han har akkurat sett eleven storma inn til ein oppsiktsvekkande NM-bronse på 3000 meter hinder. 17-åringen klokka inn til 9.31 etter å ha spurta forbi Fredrik Vaeng Røtnes på oppløpet.

Det kan vere den første NM-medaljen på mellom- og langdistanse på herresida i Gloppen sidan Odd-Bjørn Hjelmeset sin bronsemedalje i 1999.

Var så nervøs at han ikkje klarte å ete...

Gloppen-leiarane var over seg av glede etter den totalt uventa medaljen. Og kanskje ikkje utan grunn: Det er berre eitt år sidan Vincent Sondre Førde byrja med friidrett.

– Det er faktisk første gong eg spring 3000 meter hinder i det heile teke. Eg skulle berre vere med for å prøve meg. No er det kanskje ei ny favorittøving, seier Førde.

Han måtte gje seg med fotball på grunn av skade. Då han flytta til Sandane for å gå idrettslinja på Firda vidaregåande, valde han for første gong å prøve seg på friidrett.

Det angrar han ikkje på. Sjølv om det kosta.

– Eg skulle berre trene for å halde meg i form, for eg likar ikkje å konkurrere. Eg har grua meg sidan førre veke - og var så nervøs at eg ikkje klarte å få i meg mat. Men no har eg medalje, så då var det vel verdt det, smiler han.

Nils Ove Roset gratulerer Vincent Sondre Førde

OPPTUR: Bronsen kan vere den første NM-medaljen til Gloppen på mellom-og langdistansane sidan 1999. Her blir Vincent Sondre Førde gratulert av Nils Ove Roset.

Foto: Rune Fossum / NRK

...men no blir det kanskje fleire konkurransar

I Gloppen oppdaga dei raskt at dei hadde å gjere med ein gut med ekstraordinær motor.

– Han er eit kjempetalent. Han er framleis berre 17 år. Det er heilt uverkeleg, seier Jørund Årdal og siktar til at Førde tok medalje i 19-årsklassen.

Sjølv kjenner løpstalentet at medaljen motiverer til vidare satsing.

– Eg har vel alltid hatt god kondis. Så no skal eg halde fram slik eg har gjort, og så får vi sjå om det blir fleire konkurransar. Dette var iallfall kjekt, seier Førde.