Hopp til innhold

Lise-May (16) sanka høgrerøyster i «løvehola»

Mange ungdomspolitikarar har i sommar og haust fått sine første møte med ein tøff og hard valkamp. Ein av desse er høgrepolitikar Lise-May Sæle (16) som var spent før skuledebatt i Ap-bastionen Høyanger.

Lise-May Sæle i paneldebatt.

DEBATTKLAR: 16 år gamle Lise-May Sæle let seg ikkje skremma alderskilnad og ulik røysle i panelet. Til venstre sit den ti år eldre leiaren i Unge Venstre, Sveinung Rotevatn.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

For det var ikkje kvar som helst den unge høgrepolitikaren gjennomførde sin tredje skuledebatt nokosinne.

I industribygda Høyanger stemmer nær halvparten av innbyggjarane på erkerival Arbeidarpartiet. I samfunnshuset ventar over 100 skarpskodde elevar, klare til å utfordre politikarane.

– Eg gler meg veldig. For det er ein skikkeleg Ap-bastion. Då er det ekstra viktig å vere «på». Det er viktig å overtyde om at det er mogeleg å stemme på andre parti enn Arbeidarpartiet, seier Lise-May Sæle.

Hektisk valkamp

Lise-May Sæle heng opp plakatar av Erna Solberg

FØREBUING: Partileiar Erna Solberg må opp på veggen før debatten tek til.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Høgrepolitikaren er ein av mange unge politikarar som går igjennom ein hektisk valkamp. Plakatar skal hengjast opp og mange potensielle veljarar skal overtydast i debattar og valtorg.

Sæle finn plassen sin på podiet. Ved sidan av sit ein ti år eldre stortingskandidat frå Venstre. Sveinung Rotevatn er også landsleiar for ungdomspartiet. Men aldersskilnad og ulik røynsle ser ikkje ut til å skremme 16-åringen frå Balestrand.

– Men samstundes er det veldig gøy, for det gir resultat. Når du har så mange kjekke og positive menneske kring deg som vil vere med, så gir det deg ekstra lyst til å drive på. Dessutan kjempar du for noko viktig; Regjeringsskifte med Erna i spissen, seier ho og siktar til partileiar Erna Solberg.

Avgjerande for mange

Odd Inge Aven Skeie

VIKTIG: Odd Inge Aven Skeie trur det er skuledebattane er viktige for førstegongsveljarane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Over heile landet blir det i sommar og haust gjennomført 216 skuledebattar.

Skuleelev og AUF-medlem, Odd Inge Aven Skeie, meiner skuledebattane er avgjerande for mange førstegongsveljarar.

– Dei fleste i klassen min er blitt 18 år, men det er veldig få som veit 100 prosent sikkert kva dei skal stemme. Det er veldig få som veit kva dei ulike partia står for. Så eg trur det kan bli avgjerande slik sett, seier han.

– Svært viktig jobb

I Sogndal, nokre mil unna paneldebatten i Høyanger, ventar ein partifelle. Claus Kvamme er 78 år, men er oppteken av dei unge.

Dei siste stortingsvala har berre annankvar førstegongsveljar nytta røysteretten sin. Også høgreveteran Kvamme meiner Sæle og dei andre ungdomspolitikarane er avgjerande for å få fleire unge til å røyste.

Claus Kvamme

VETERAN: Claus Kvamme meiner ungdomspolitikarane evnar å tenkje meir langsiktig enn vaksne politikarar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg vil i alle fall seie at det er svært viktig. Vi kan ikkje komme i ein situasjon der nokon berre lenar seg tilbake og kritiserer systemet utan at dei sjølve har gjort noko for å ta eit tak. Demokrati krev i det heile deltaking, seier Kvamme.

Løftar fram saker

Med eit glimt i auga blir Kvamme omtala som den eldste medlemen i Unge Høgre i Sogn og Fjordane.

Dette fordi han – som ungdomen – prøvar å løfte fram saker som har ein lengre tidshorisont enn ein stortingsperiode på fire år.

– Mellom dei yngre kan det vere vilje til å sjå lengre framover. Dei har eit langt liv framfor seg, så dei må tenkje på at det dei gjer no skal prege deira situasjon. Ikkje berre i fire år framover, men kanskje 50 år framover, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lise-May Sæle

VALMATERIELL: Lise-May Sæle deler ut karamellar og flygeblad.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Nøgd med debatten

Tilbake i Høyanger ventar folk i salen med kritiske spørsmål. Dei fleste retta mot Høgre. Sæle er budd og forsvarar skulepolitikken til partiet. Etter eit livleg ordskifte står bilen klar. Om vel ein time ventar ein ny skuledebatt.

Lise-May Sæle diskuterer med klassekameratar etter debatt.

DISKUSJON: Etter debatten prøver Lise-May Sæle å overtyde klassekameratane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Og det er ei nøgd Sæle som tek turen til Sygna i Balestrand.

– Det er ikkje ofte du høyrer elevar seier dei skal stemme Høgre i tidenes Ap-bastion. Då bør vi kanskje ta det med oss, og sjå på det som positivt, seier ho.

P.S. Med 13 prosent vart Lise-May Sæle og Høgre det tredje største partiet i skulevalet i Høyanger.