Hopp til innhold

Her blir ferja MF Losna døypt

MF Losna er den splitter nye ferja som skal gjere livet lettare for dei som brukar ferjesambandet ytst i Sognefjorden.

MF Losna er den splitter nye ferja som skal gjere livet lettare for dei som brukar ferjesambandet ytst i Sognefjorden.

GUDMOR: Ordførar Gunn Åmdal Mongstad (Sp) fekk æra av å døype ferja.

MF Losna skal gå på ruta Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella i Ytre Sogn. På dette sambandet er det også stopp på Losna, øya som ferja har fått namnet sitt frå.

Ferja blei bygd ved ADA Shipyard i Tyrkia i 2016 og har plass til 196 passasjerar.

Her kan du sjå heile dåpsseremonien og bli med om bord i ferja:

Dåp av MF Losna

DÅP: Torsdag blei den nye ferja MF Losna døypt i Brekke i Gulen. Ferja skal gå på sambandet Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella.