Hopp til innhold

Her sit 10.-klassingane på pinebenken

FØRDE (NRK): På rad og rekkjer kjem lærarane inn i auditoriet på Halbrend skule. No blir det klart. 10.-klassingane får vite kva fag dei må pugge på dei neste dagane.

Halbrend skule

SPENTE: Munnleg eksamen er eit naudsynt vonde for 10.-klassingane. Etter det ventar gulrota. – Den ligg der torsdag når dei er ferdige, med kjekke aktivitetar og sjølvsagt sommarferien, seier rektor Åge Stafsnes.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Det er ein dag med blanda kjensler for elevane ved Halbrend skule i Førde. Det nærmar seg sommarferie med all glede og moro som følgjer med den, men før den tid eksamen og mykje pugging.

Førstkommande torsdag ventar munnleg eksamen. I dag fekk dei vite kva fag dei skal opp i.

– Det er litt skummelt. Eg håpar på norsk, seier Amalie Valaker på veg inn i auditoriet.

Spent rektor

Det er eit naudsynt vonde for 10.-klassingane i fylket. Og dei skal eksaminerast både skriftleg og munnleg. Det er rektor Åge Stafsnes som held elevane på pinebenken dei siste minutta, før han offentleggjer løyndomen han sjølv har visst i fleire dagar.

Halbrend skule

SPENNING: Rektor Åge Stafsnes (t.v.) fekk tradisjonen tru æra av å røpe eksamensfaga for 10.-klassingane ved skulen.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Han har halde korta tett til brystet, men er likevel veldig spent.

– Det skal vere litt spenning i lufta. Elevane har ulike reaksjonar. Nokre blir glade, nokre blir litt leie seg, medan andre tek det heilt med ro, seier han.

To dagar med pugging

Rasmus Bjørnereim håpar å høyre namnet sitt blant dei som kjem opp i naturfag eller samfunnsfag. Også Magnus Eldal Tvedt håpar på samfunnsfag.

– Vi har to dagar til å øve på, så det bør vere mogleg å gjere det ganske bra, seier Tvedt.

Så er sanningas time komen. Dei ulike faglærarane kjem inn i auditoriet. Og det blir klart kva fag elevane skal opp i.

– Å nei

Edvine Betten og Amalie Valaker

IKKJE NØGDE: Edvine Betten og Amalie Valaker håpa på å komme opp i eit anna fag enn høvesvis engelsk og naturfag.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Engelsk. Å nei. Eg håpar det går bra, seier Edvine Betten.

Like etter blir det også klart at det ikkje blir noko norskeksamen for Amalie Valaker. Ho må bruke dei neste dagane saman med naturfagbøkene.

– Nei. Det var ikkje det eg ville komme opp i. No må eg berre byrje å lese på naturfag, seier ho.

– Struktur

Rektor Stafsnes kjenner seg trygg på at elevane kjem seg trygt gjennom eksamen, og sender med dei følgjande råd inn i pugginga.

Eitt stikkord, er struktur.

– I dag må dei få oversikt over faget og bruke dagen til å lese seg opp, sortere litt notat og få den store oversikta før dei i morgon trekkjer oppgåva. Då må dei konsentrere seg om den oppgåva, seier han.