Hopp til innhold

Her aksjonerer dei ulovleg mot sjødeponi

FØRDE (NRK): Natur og ungdom nytta valkampinnspurten i Førde til å aksjonere mot planane om sjødeponi for gruveavfall i Førdefjorden.

Natur og ungdom aksjonerte i Førde i dag mot planane om sjødeponi for gruveavfall i Førdefjorden.

– Valet i Sunnfjord er denne gongen eit val om Norges miljøpolitikk. Difor aksjonerte vi i Førde i dag, seier Arnstein Vestre, som er leiar i Natur og ungdom.

For medan politikarane hadde valkampstand på Elvetorget, nytta aksjonistane høve til å heise eit digert banner med slagord på handelshuset på andre sida av gata.

Aksjon i Førde

HENGDE OPP BANNER: Aksjonistane synte kva dei meinte om planane for sjødeponi.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– No har regjeringa vedtatt å dumpe gruveavfall i Førdefjorden, det er det mange politikarar langs fjorden som er usamde i. Og som vi og kan sjå på valgomaten til NRK så er også fleirtalet av innbyggarane i mot at det skal dumpast gruveavfall i Førdefjorden.

Ulovleg aksjon

Aksjonen i Førde var ikkje avklart med eigarane av handelshuset. Vestre seier dei valde ei ulovleg aksjonsform for å få merksemd.

– Eg trur folk har godt av å bli røska litt ut av kvardagen, og så var det jo valtorg på andre sida av gata, seier Vestre.

Arnstein Vestre, leiar i Natur og ungdom

AKSJONIST: Arnstein Vestre er leiar i Natur og ungdom.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Men kvifor ein ulovleg aksjon, kunne ikkje de like godt ha delt ut flygeblad på andre sida av gata, til dei som kom til valtorget?

– Det er viktig å røske litt opp i folk, men vi deler og ut løpesetlar der vi opplyser om kva partiet ein bør røyste på om ein vil bevare fjorden.

Over etter 10 minutt

Aksjonen til Natur og ungdom vart heller kortvarig. Etter om lag ti minutt hadde eigarane av handelshuset rive ned banneret frå veggen.

– Nei, det fekk ikkje henge så lenge, men dei som var på valtorget fekk det nok med seg.

– Kva håpar de å oppnå med denne aksjonen?

– Vi håpar folk tenker seg om ein ekstra gong når det skal gå til stemmeurnene på måndag, seier Vestre.

Aksjon i Førde

KORTVARIG: Etter 10 minutt hadde eigarane av handelshuset gjort kort prosess med banneret til Natur og ungdom.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK